– Gratulerer med gåvekort frå GoTo, Katrine. Katrine Sandvik Tønnesen fekk overrekt gåvekortet av Guri Falkeid Hansen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Gratulerer med gåvekort frå GoTo, Katrine. Katrine Sandvik Tønnesen fekk overrekt gåvekortet av Guri Falkeid Hansen.

Tippevinnar: Fire H-ar for Katrine

Katrine Sandvik Tønnesen er interessert i fotball. Så mykje peiling har ho at ho er årets vinnar av tippekonkurransen, og har vunne seg eit gåvekort hos GoTo.

Omlag 1000 kupongar er sendt til oss i løpet av sesongen. Ein del av dei hadde rette svar, men overraskande mange vel framleis å støtte sitt lag, og ikkje krysse av for favoritten i kvar kamp. Difor var det litt færre rette kupongar i årets trekning.
Vinnaren er ei som har vore anonymt omtala fleire gonger i Bygdebladet. Det er ho som bestemmer om Dag Frode Tønnesen får ta ein ny sesong i Stegaberg.
– Han seier det ja, men dette bestemmer han sjølv. Nå kan eg skryte av at eg er betre å tippe enn han også, i alle fall i lokalavisa. Dette var utruleg kjekt, for fotball betyr mykje heime hos oss. Og det å reise på kamp i England er noko me har gjort fleire gonger. Så kanskje me heller skal ha oss ein kjærleiksferie denne gongen. Å reise til ein storby hadde vore stas, fortel Katrine Sandvik.

Fire H-ar
Det var 1. juni klokka 07.59 at e-posten frå den tidlegare Falkeid- og Skjold-spelaren dukka opp hos oss. Der hadde ho kryssa av for fire heimesigrar. Men Stegaberg var ikkje med på kupongen.
– Nei, og dette var rein tipping om eg hugsar rett. Me har nok fylt ut kupongar i saman på nettet, men eg trur ikkje eg fekk hjelp til denne, seier Katrine som i dag er trenar for Stegaberg J6.
I den fotballgale familien, er det naturleg å tenke fotballtur når sjekken på 6.000 kroner skal brukast.
– Fotballturar er framleis svært populært sjølv om me har mista London-ruta frå Haugesund. Skulle dei ha andre planar har dei mykje å velje i. Akkurat nå er det populært med turar til julemarknadar i ei rekkje storbyar. Cruise i Karibien er også noko stadig fleire nyttar seg av som feriemål. Men bestseljaren akkurat nå er Kanariøyene. Der er det framleis noko ledig, mellom anna i jula. Folk ser framleis på dette som eit trygt reisemål, og det er også behageleg vêr der på denne tida av året, seier reisekonsulent hos GoTo, Guri Falkeid Hansen.
– Alt saman høyrest perfekt ut. Me er glade i å reise, og når me har hatt ungane med på tur er det både best og tryggast å kjøpe pakketurar. Så denne gåva skal me nok få nytta til noko kjekt, seier vinnaren vår.

Endring
Hos GoTo på Oasen Stormarked merkar dei at ting er i endring når det gjeld folk sine reisevanar.
– Det er mest på at dei aller fleste nå har eit klart mål om kva dei vil oppleve. Då er det vår jobb å legge til rette for det. Så har me ei auke i folk som vil reise i sitt heimland. Etter at me blei ein del av Berg Hansen gruppa kan me nå tilby turmål over alt. Både nært og fjernt. Me skal legge til rette for at dei som skal på tur får mest mulig ut av den, og lukkast me med det kjem dei tilbake. Så me vil få lov å gratulere Katrine med gåvekortet og eg skal love at me finn ein kjekk tur for henne, seier Falkeid Hansen.
– Må berre få seie 1000-takk. Kjekt at avisa har slike konkurransar. Så skal eg halde det hemmeleg heime slik at mannen min får leite i dagens avis for å få vite om det, avsluttar Katrine Sandvik med eit stort glis.
Moster – Nedstrand, Falkeid Torvastad 2, Hinna 2 – Falkeid og Djerv 1919 2 – Stegaberg 2 enda alle med heimesiger.
I bunka av rette kupongar var det Leif Olav Tjomsland som hadde flest kupongar, tett fulgt av Dag Frode Tønnesen og Øystein Odland. Tre av dei tidlegare vinnerane våre hadde også i år rette kupongar.