Førre skole kom først i toget. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det er stadig fleire tysværbuar, men i 2017 kan det gå mot nullvekst ved nyttårsskifte. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Innbyggartalet steig med «berre» 5

Det går sakte og sikkert oppover med folketalet i Tysvær. Men i 2017 har det nærma seg null i auke.

Tall frå Statistisk Sentralbyrå (SBB) viser at talet på fødde er det som gir kommunen eitt pluss etter 3. kvartal i 2017.
For berre få år sidan var prognosane langt høgare for kommunen og ein snakka om både 15.000 og 30.000 innbyggarar.
Ser ein isolert på siste kvartal er trenden endå meir negativ. Då går talet på innbyggarar ned.

På vent
Måndag denne veka påpeika ordførar Sigmund Lier under opninga av reinseanlegget på Gismarvik at ein av grunnane til stagnasjonen er at vass- og avlaupsnettet til kommunen har vore til hinder for bustadutvikling. Nå med nytt VA-Anlegg i heile den ytre delen av kommunen kan det byggast ut og leggast til rette for langt fleire bustadar.

Tysvær:
Folketalet 1. januar: 11 041
Fødde: 101
Døde: 50
Fødselsoverskot: 51
Innflyttingar: 389
Utflyttingar: 435
Folkevekst: 27
Nettoinnflytting: -46
Folkevekst: 5
Folketalet ved utgangen av kvartalet: 11 046