Blest avslutta konserten i Tysværtunet sist med låta «Komme aldri tilbake», men det er nettopp det dei gjer. I november bør det bli fullt hus og god stemning i storsalen.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Blest skal spille toppkonsert på Alvanuten. Helt gratis og alle er velkomne.

– Me kjem gjerne tilbake

Blest har surfa vidare på suksessen frå debutalbumet som kom tidlegare i år. I mange variantar, men i Tysværtunet kjem dei som fullt band. Heldigvis.

Mange hadde store forventningar til trioen Paul Hansen, Torbjørn Økland og Carl Øyvind Apeland, då dei hoppa av Vamp-toget og starta sitt eige band Blest. Og kritikken let ikkje vente på seg. Skryt og nye fans over alt, og spesielt på Haugalandet. Nå har dei utvida den faste besetninga med felespelar Marie Klåpbakken.
– Det har vore både spennande og travelt etter at me kom med nytt band og materiale. Responsen har vore litt overveldande, og det frå alle hald. Me var klar over at mange nok ville ha Vamp i tankane då me starta opp, men den overgangen har gått heilt greitt. Me føler nå at me er Blest og dei er Vamp, ferdig med det, smilar Paul Hansen.
Trioen Hansen, Apeland og Klåpbakken har invitert oss på lunsj. Dei er sprudlande opplagte etter å ha spelt under opninga til Røde Kors sitt landsmøte i Haugesund. Ein knallversjon av «I dine sko» har gitt dei masse av energi. Det same ein konsert trioen hadde på Ryvarden dagen før. Det er sol ute og jaggu litt sol inne.

Inspirert
– Å få spele på Ryvarden var heilt spesielt. Der er det få plassar, intimt og litt intenst. Slike opplevingar gir oss inspirasjon, ein inspirasjon me nå tar med oss til større konsertar, slik som den i Tysværtunet i slutten av november, seier Calle Apeland.
Konserten i storsalen er det som gjer at me nå sitt og nippar til varm kaffi og snakkar om tilfeldigheiter, god musikk og det å glede andre.
– Det å vere på rett stad til rett tid er oftare enn ein skulle tru nøkkelen til å få vere med i eit band. Eg var heldig og kjente til Torbjørn, og så blei det berre meir og meir. Nå er eg blitt fast medlem og det er stas, seier Marie Klåpbakken som i fjor gav ut eiga plate, og som ein del kjenner frå Melodi Grand Prix.
– Eg opplevde det same med Vamp den gongen eg blei med der. Eg og bandet mitt Cortina skulle spele i Oslo. Det var viktig for oss, men gitaristen vår blei sjuk. Då kom me på at det gjekk ann å ringe Torbjørn. Han bladde i kalenderen og sa ja med ein gong. På den konserten dukka også Øyvind Staveland og fleire frå Vamp opp. Og så er resten historie, smilar Paul Hansen.

Gleder seg
Det er som sagt god stemning rundt bordet. Hansen, som bur i Oslo, fortel om det å skape noko nytt. Apeland snakkar om gode stunder i studio han har heime i kjellaren. Alle tre snakkar om timevis med øving og jobb med idear, som dei nå reist land og strand rundt og speler for folk.
– Me har vore heldige og funne ein stil som det tydeleg var mange som ville ha. Responsen etter konsertane er formidabel og det gir oss lyst til å stå på vidare, seier Paul Hansen og kikkar ut av det store vindauge i kafeen.
– Betyr det at det kjem noko nytt til konserten i Tysvær?
– Me er i gang med ein del ting…
– Kom igjen da…
– Eg har laga ein ny song som heiter «Sjelefred». Den er komme så langt at me har testa den ut.
– Den får me høyre i Tysværtunet?
– Ja, kjem det spontant frå Apeland som ivrar etter å komme ut med nytt materiale.
Og fortsett:
– Det er ein ny song som Paul har laga og som viser litt bredda i det me jobbar me. I Tysværtunet er det heilt fantastisk å spele med god lyd og nærleik til publikum. Difor kjem me med fullt band, og lovar at me skal prestere minst like bra som under dei kommunale arrangementa tidlegare i år.
Og det lovar godt, for i Bygdebladet blei dei konsertane lønna med terningkast seks.
Full band betyr dei fire faste pluss Halvor Lillesund og Tore Jamne.

Ærleg
Blest har fått mykje skryt for å vere eit ærleg og truverdig band. Tekstane har fått mykje ros og det var sterkt når «I dine sko» blei spelt for Røde Kors friviljuge i Maritim Hall.
– Kva tenker dokker om tekstane?
– Først og fremst er me veldig glad for at folk lyttar til tekstane. Me synest at det er gode tekstar, men det er ikkje alltid at dei får rett plass i lydbilete. Det vil alltid vere ein tekst og to som betyr noko heilt spesielt for folk, og det er me sjølvsagt glade for, seier Paul Hansen.
– Tekstane er det ein må kalle litt opne, der det er rom for å tolke dei litt fritt?
– Ja, fint at du meiner det, for me meiner heilt klart at her er det mange måtar å lese tekstane på. Eg trur at om ein finn den rette kombinasjonen mellom tekst og melodi, så skapar ein gode opplevingar. Det treng ikkje vere ein radiohit for at ei låt kan bety enormt mykje for den som lyttar, seier Paul Hansen.

Travelt
Når Blest kjem til Tysvær fredag, blir det ei travel helg med speling i Stavanger dagen etter, og for Kirkens Bymisjon dagen før.
– Det var ei helg som passa for alle, og då var det kjekt å få til tre jobbar, seier gjengen og begynner å snakke om livet på vegen. Og det går ikkje lenge før spøken og smila fyller hjørne vårt i kroken på kafeen. Marie Klåpbakken viser seg å vere i strålande humør og vitsar om at ho er på husjakt i Tysvær, og resten av trioen ler og kosar seg med minner frå det som etter kvart er blitt lange og suksessfulle karrierar.
– Men, ein ting er viktig å få fram til vårt publikum; me gjer alltid vår beste for å bli enda betre. Difor er alle dei som bryr seg med å gi oss tilbakemeldingar viktige for at Blest skal vere i stadig utvikling. Fredag skal folk i Tysværtunet få sjå at me har tatt nye steg, avsluttar Blest-trioen.