Det tok ikkje lange tida før billettane rauk. Og dei fôr så fort første gongen, at dei måtte sette opp ei ekstraførestilling. Så no blir det to smekkfulle salar etter kvarandre i dag.
– Det blei imponerande fort utseld. Det er tydeleg at MGPjr er svært populært. Me gler oss, seier Sverre Vågen jr. i YesMan, som er arrangør.
Tradisjon
Juleturneen til MGPjr har blitt ein tradisjon med åra. Dei serverer kjente og kjære julesongar, og sjølvsagt sine eigne grand prix-hitar. I tillegg kjem dei til å framføre fellessongane som har blitt kjent gjennom TV-finalane.
I år besøker dei heile 20 plasser på turneen, frå Tromsø, Harstad og Svolvær i nord, til Stavanger og Kristiansand i sør.
Artistane som ein får treffe i Tysværtunet i morgon er: Oselie, Eirik, Vilde & Anna, Noah, Dina og Karoline. Som sikkert mange fekk med seg så stakk Oselie av med sigeren i MGPjr – finalen i år og Eirik var ein av superfinalistane. Vilde & Anna kjenner mange gjennom superhiten «Vestlandet», som dei vann med i fjor. Og Noah, Dina og Karoline har også gjort seg bemerka på musikkhimmelen.
I tillegg til det musikalske, lokkar arrangørane med snømann og ein mogleg julenisse… Det er all grunn til å glede seg.
Les meir etter forestillinga i kveld.