Det er allereie eitt år sidan Ole-Petter Grindheim, Håvard Hovland og Sander Hettervik spelte vintercup i tett tåke.
Det er allereie eitt år sidan Ole-Petter Grindheim, Håvard Hovland og Sander Hettervik spelte vintercup i tett tåke.

Vintercupen: 11 lag har meldt seg på

11 lag har så langt meldt seg på Skjold sin vintercup. Men framleis er det ledige plassar.

Både Skjold og Stegaberg har sagt dei skal vere med i vinterens cup, og som vanleg er det lov å håpe at dei to møtest til eit skikkeleg lokaloppgjer før serien tar til. Dagleg leiar i Skjold, Henriette Goksøyr, har mottatt påmelding frå ni andre klubbar så langt.
– Me har plass til fleire og minner om at påmeldinga er 5. januar. Fjorårsvinnar Djerv 1919 er eit av laga me er litt usikre på, seier ho.
Etter det Tysvær Bygdeblad kjenner til kjem ikkje Djerv 1919 til å stille i årets cup. Dei prioriterer eit alternativt oppkjøringsprogram.
– Dei har meldt på eit lag, men me må undersøke litt kva dette er. Elles er lista slik, og me minner om at det er ekstra flotte premiar til nokre av dei som melder seg på innan utgangen av denne veka:
Kolnes, Stegaberg, Skjold, Haugar, Avaldsnes, Rubbestadneset, Bremnes, Stord 2, Vard og Trott. I tillegg Djerv 1919 (jr. elite eller a-lag).
Til nå er berre fire lag påmeldt i juniorklassen, og om ikkje det kjem fleire til, så blir det ingen cup i år.