To innbrot i Hervik

Både tysdag og onsdag denne veka meldte politiet om innbrot i Hervik.

Tysdag melde politiet i Sør-Vest om at det hadde vore innbrot i ein bustad i Hervik. Vindauge var brote opp, og det var blitt rota rundt i huset, meldte politiet på sin twitterkonto. Politiet var på staden og sikra spor, og det blei oppretta sak.

Onsdag meldte politiet om eit grovt tjuveri frå ei hytte i Hervik, der uvedkommande hadde tatt seg inn via eit vindauge.
– Det er stole radio, verktøy og diverse nøklar, skriv Sør-Vest politidistrikt på sin twitterkonto.
Politiet var på staden og sikra spor, og dei blei oppretta sak.

I løpet av jula har det også vore innbrot i eit naust og på Frakkagjerd skole.