I vår sak i papiravisa kom me i skade for å skrive at dette skjedde ein annan stad.
Bernard Gismarvik forklarar:
– Konserten finn stad i Festiviteten og byr på eit rikhaldig festprogram. Operaarier med den kjente operasopranen Kristi Anna Isene, mektig orkesterfestmusikk og den obligatoriske wienermusikken. Men også litt russisk, argentinsk, tysk og italiensk. I tillegg har orkesteret også invitert med dansarar fra Skeisvang og Haugaland Ungdomssymfoniorkester, eit orkester Tysvær kulturskole er med på å drive. På det meste er det rundt 80musikarar på scenen for å framføre Pirates of the Caribbean. Erling Dahl jr er konferansier og Lars-Erik ter Jung er dirigent. For dei som enno ikkje har billett, det er snart utseld, seier han.
Me beklagar feilen.