Ein unik mulegheit

Laurdag er du invitert til å få med deg mykje av det som skjer i Tysvær. Tysværdagen var ein storsuksess i fjor, og arrangørane trur at folk vil gå mann av huse også denne gongen.

Tysværdagen er på mange måtar viktig. Den er viktig for lag og foreiningar som får ein gyllen sjanse til å vise seg fram. Det å få ei oppdatering på kva som skjer i heimbygda kan vise seg å vere ei aha-oppleving. Det såg me fleire døme på i fjor. Den gode praten rundt dei mange standane gjorde at folk gjekk heim og snakka opp det som skjer i Tysvær.
I tillegg var ei rekke bedrifter på plass i storhallen. Dei fekk også vist fram kva som skjer på arbeidsplassar dei færraste av oss kjenner til. Det var interessant og viste eit bilde av eit Tysvær som blomstrar.
Dette skal også vere ein dag der folk utanfrå skal kunne komme til Frakkagjerd, og få eit innblikk i kva som gjer Tysvær unik. Det er ikkje så lett som det høyrest ut. For bur ein utanføre kommunegrensene høyrer ein stort sett berre «overskrifter». Det kan gjelde bustadtomter og skulestruktur. Det kan også vere usikkerheit knytt til kommunereforma. Desse gjestane må bli tatt godt vare på. Dei må få vite korleis me har det i ein kommune som frontar at «her er det godt å leve».
Den jobben skal alle utsillerane vere med på. Med ein svært aktiv arrangementskomité i spissen er det meste i trygge hender. Det er ein storslagen «fest» det er lagt opp til med stands, underhaldning og mulegheiter for å få seg ein matbit. Kreative utstillerar klør i fingrane etter å komme i gong.
Når ein trekk pusten og set seg ned med lista over utstillerar så kan me nok ein gong slå fast at Tysvær har mykje å by på. I ein stadig meir passiv kvardag harmonerer ikkje dette svært aktive bilde heilt med det me skulle tru er verkelegheita. Skal ein tolke lista er tysværbuen heller svært så aktiv av seg. Det finst noko for einkvar smak og interesse. Det same må ein seie om næringslivet. Sjølv om det er enkelte bedrifter underteikna kunne tenkt seg å møte i Sysco Arena på laurdag, som ikkje er med.
Når så kommunen sjølv toppar dagen med ein stor stand kor ein både kan snakke om arbeidsplassar og om bustadtomter, viser dei i alle si klarheit at dette er ein dag det er forventningar til. Det er eit opplegg som gjer at ein nesten er nøydt for å komme.
Og det beste av alt har eg frå ein nabo som var «tilfeldig» innom i fjor. Han har gjentatte gonger fortalt meg i ettertid, kor kjekk og lærerik denne dagen var. Om alle kjentfolk han møtte på. Han hadde ikkje tenkt å gå, men det var så mange som snakka om det. Og etterpå snakka alle om det.
Trur han skal få ha siste ord, for Tysværdagen på laurdag kjem til å bli fantastisk på mange måtar. Det er berre å glede seg, hente fram naboen og få han med.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør