Jone Bjerga sine djupe tekstar fell i smak hos publikumet i Tysværtunet.
Jone Bjerga sine djupe tekstar fell i smak hos publikumet i Tysværtunet.

Poesi med melodi

Allereie 20 minuttar før lunsjkonserten byrja, hadde nesten 50 personar møtt opp – for å høyre Jone Bjerga sin vakre musikk.

Årets første lunsjkonsert gjekk av stabelen fredag formiddag. Og det starta godt.
– Veldig kjekt å sjå at så mange kom. Og så i dette vêret, sa Bjerga smilande frå scena.

Fell i smak
Lunsjkonsertane er som kjent eit samarbeid mellom Tysvær Bygdeblad og Tysværtunet. Redaktør Alf-Einar Kvalavåg var også imponert og glad for oppmøtet.
– Særleg kjekt at så mange møtte opp i god tid før konserten. Det sett nok artisten pris på også. Bjerga heldt ein veldig flott konsert, og dette lovar godt for lunsjkonsertane resten av året, seier han.
Bjerga, som mange kjenner frå Norske Talenter, der han nådde langt i 2015, serverte eit knippe låtar frå plata si. Artisten frå sørfylket, har ei eiga evne til å treffe folk med den poetiske musikken sin. Og dei djupe tekstane hans såg ut til å gå rett heim hos publikum, som satt lydhøre og lytta

Aldri ferdig
Jone Bjerga er ein type artist som heile tida jobbar med låtane sine.
– Sjølv om versjonane er tett opptil plata, er det slik med songane mine at dei blir aldri heilt ferdige. Det er alltid eit eller anna eg vil forandre på, fortalte han til Bydebladet før konserten.
– Under Norske Talenter spurte dei meg kor lang tid det tar å lage god musikk. Og eg som heile tida jobbar med låtane mine, meiner det tar eit heilt liv, kommenterte han frå scena.