Skjold tjuvstarta med ein treningskamp mot Trott sist laurdag, men i kveld er det meir alvor når Avaldsnes kjem til Grinde.
– Trott-kampen blei spelt over tre gonger 25 minutt, der det var mange bytter og utskiftingar undervegs. Det viktigaste for meg var å få sjå ein del spelerar i aksjon, og det fekk eg, seier Skjold-trenar Tor Martin Hegrenes.
Ein av dei som dukka opp i startellevaren var fjorårets trenar Håkon André Waage.
– Håkon har spurt om å få prøve seg og akkurat nå er dette ein mulegheit for alle. Har han ein kropp som toler å spele fotball, har han lik sjans som dei andre til å få prøve seg. I tillegg til han, var Jonas Risanger og Håkon Kvia på plass. Begge to er gode spelerar som kan nyttast på fleire plassar i laget. Som eg har sagt tidlegare er Jonas ein type me treng i laget. Han er anvendeleg og har etter kvart fått godt med rutine, seier Hegrenes.
Eg vil legge ein plan som spelerane skal følgje
20 i troppen
Avaldsnes som speler i divisjonen under, er årets første skikkelege motstandar.
– Kva tankar har du før kampen?
– Eg vil legge ein plan som spelerane skal følgje. Bytter har eg tenkt på i forkant, slik at dette ikkje skal bli ein kamp styrt frå sidelinja undervegs. Nå skal dei få vise kva di står for og alle kampar blir viktige for dei. Eg har 20 spelerar pluss minus til denne kampen. Eit par slit med skadar, og verst er det for Jonas Staurland, som neppe blir speleklar på ein månad og to. Han har fått ein smell i ankelen og det tar tid. Elles vil kampane nå bli ein takstisk drill som skal ende opp med to spelestilar som me skal nytte i serien. Vintercupen er viktig med tanke på det som skal skje seinare i sesongen, seier trenaren.
Trott som var eit av dei beste laga i 4. divisjon i fjor, skåra eit par «lette» mål. Det vil Hegrenes ha slutt på.
– Lette feil er ofte lette å rette på, så det har eg kontroll på. Det som skuffa meg mest mot god motstand var at me skapte svært få sjansar. I kveld har me mulegheita til å rette på det også. Eg merka på spelerane at det var kjekt å spele kamp igjen, sjølv om det blei 1-3. Nå har me rista av oss den første kampen og det håper eg viser igjen i kveld, seier Hegrenes.
Møter Skudenes
Skjold-trenar Dag Frode Tønnesen har 19 mann klare til kamp i kveld. Laget tar turen til Skudenes, og møter som vanleg kvalifisert motstand på sør-Karmøy.
– Troppen inneheld tre nykommarar i Are Søderlund, Ole Johannes Stople og Fredrik Svendsen. Fredrik Svendsen frå Falkeid har sagt ja til å spele for Stegaberg og berre papirarbeid står igjen. Me går alltid på banen for å vinne, sjølv om fokuset så tidlig på året er å få ei god gjennomkjøring fysisk, la alle få speletid til å vise seg frem, samt eit herleg avbrekk i den tunge vintertreninga. Kampen om startplass i 11`eren til første seriekamp er knallhard, så eg reknar med at når gutane får speletid, så viser dette igjen, seier Tønnesen.
Stegaberg-troppen ser betre ut enn nokon gong, og det skal bli spennande å sjå korleis miksen av dei nye spelerane, dei som gjer comeback og dei yngste blir.
Sjølv må Tønnesen sjå kampen frå sidelinja på grunn av skade. Kjente fjes som Øyvind Stakland og Glenn Fjellet blir heller ikkje med til Skudenes. Men dei har sagt ja til ein ny sesong. Jan Reidar Tjøsvoll er også med i troppen, det same er Petter Lønning.
– Det ser svært bra ut, og det skal bli kjekt å spele kamp igjen, avsluttar Dag Frode Tønnesen.
Skjold og Stegaberg er ikkje i same gruppe.
Troppane
Skjold sine spelerar:
Jonas Risanger, Morten Bådsvik, Daniel Aarås, Halvor Hansen, Håkon André Waage, Vegard Steinsland, Tollak Emil Gismarvik, Håvard Hovland, Håkon Bådsvik, Håkon Kvia, Roald Berge, Tor André Eskevik, Jomar Skrunes, Håvard Eiken Spartveit, Aleksander Gundersen,
Kristian Wallander, Oddbjørn Halvorsen, Sander Hettervik, Sondre Bådsvik, Mathias Lindanger, Gøran Kallevåg og Mats Steinsland.
Stegaberg sine spelerar:
Espen Tørresdal, Jan Reidar Tjøsvold, Kjetil Bjørkheim, Morten Mæland, Magnus Grindheim, Erik Frøyland, Stein Erik Kvamen, Alfred Bringedal, Thomas Stølsvik, Christoffer Kydland, Kenneth Kristiansen, Sigbjørn Tysvær, Petter Lønning, Terje Kristiansen, Are Søderlund, Ole Johannes Stople, Fredrik Svendsen, Morten Sørensen og Torben Stuvik.