Bandet i fullt format består av: Kjetil Østebøvik - Bass/Vokal, Jardar Havikbotn - Keyboard, Wolfgang B. Ognøy - El gitar, Eirik Nedrebø - Akustisk gitar, og Øyvind Østebøvik - Trommer.
Bandet i fullt format består av: Kjetil Østebøvik - Bass/Vokal, Jardar Havikbotn - Keyboard, Wolfgang B. Ognøy - El gitar, Eirik Nedrebø - Akustisk gitar, og Øyvind Østebøvik - Trommer.

Ny gratis lunsjkonsert på fredag: Kvednabekkjers

Fredag blir det ein skikkeleg lunsjgod- bit i Tysværtunet. Tre av medlemmane av «The Kvedna- bekkjers» serverer seks-sju av sine aller mest populære songar.

Av Alf-Einar Kvalavåg
To plater og stadig eire spelejobbar gjer at bandet med medlem- mer frå Bokn og Tysvær nå satsar litt meir, og litt breiare enn på lenge. Første steg på vegen vidare er som gjester i vår populære lunsjkonsert i Tysværtunet.
– Det skal bli kjekt. Fantastisk at det er eit slikt tilbod, og me ser fram til å komme på besøk. Me kjem som trio med meg, Øyvind og Kjetil Østebøvik på scenen. Det blir gitarar og bass og eit innblikk i nokre av songane frå
dei to første platene våre, seier Wolfgang B. Ognøy.
Han skal nå prøve å leve av musikk og bandet blir ein viktig bit av dette. Med eige studio på Bokn, og som ein av dei som er med i ABS Studio i Etne, trur han både på si eiga musikalske framtid, men også til det ultralokale bandet.

Fans
– Me har funne vår nisje med «Kvednapop» og det er slett ikkje urealistisk å ha tru på framtida. Me har fått ein n gjeng med fans som støttar oss. I tillegg har me fått ei rekke spelejobbar mellom anna på «Ovenpaa» i Kopervik. Det blir stort for oss. I tillegg startar me arbeidet med plate nummer tre i mars, og gleder oss stort til å jobbe med den. Kanskje me får med oss Kjetil Ulland frå ABC Studio til å hjelpe oss. Han er unik og kan løfte dette vidare. Men det viktigaste er at me held oss til vår nisje, seier Ognøy.
Minnast Tommy
Med sine folkelege festsongar er
det lett å skjøne at bandet er ein festskapar der dei reiser rundt. Men historia til bandet er ikkje like munter. I 2012 døde gitarist og front gur Tommy Øvrebø, og det då tre år gamle bandet tok ein timeout.
– Det var Tommy og eg som starta det heile i 2009. Tommy var frontmannen og mange likte han og gleda seg til konsertane våre. Det blei eit tomrom etter han som me måtte jobbe oss gjennom. Me har to songar om han, og ein skal ikkje sjå vekk frå at han også «blir med» på den nye plata vår. Det blir ei meir tydeleg countryplate og etter et par rolige låtar om han, er det vel på plass med ein skikkeleg opptempolåt. Det var slik han var, seier Ognøy.
– Ny plate, nye konsertar og gode meldingar. Betyr det at det blir meir satsing?
– Ja, heilt klart. Me er klar om nokon treng eit band. I det siste har me som sagt merka at stadig eire tar kontakt og det er stas.

Youtube
Livet i Kvednabekkjers-universet er på mange måtar eire sterke historier lenka i saman på under- fundige måtar. Nå vil Wolfgang B. Ognøy få dette ut til folket.
– Ideen er å lage ti lminnslag som me skal legge ut på Youtube. Om livet i bandet, om histori- ene som medlemmane har, og sjølvsagt om kvardagen i «The Kvednabekkjers». Eg har stor tru påatdetteerein nmåteånå ut til folk på. I tillegg til innslaga kjem me å spele to songar i kvar episode. Eg har stor tru på dette prosjektet som me er komme
langt med å få realisert.
– Og verda er klar for livet i Kvednabekkjen?
– Det trur eg verkeleg. Til meir eg tenkje på det, dess meir trur eg på dette. Klarer me å holde i gang konsertar, innspelingar, øvingar og desse episodane, så trur eg me har mykje å glede oss til.
Men først skal dei altså til Tysværtunet, og det i jubileumsveka.
– Eg har alltid drømt om å spele i kulturhus og dette må jo vere eit langt steg mot ein sjanse der. Eg har høyrt mykje positivt om desse konsertane og lovar ein fin konsert. Det å møtast og øve i saman i ein trio, trur eg også gjer godt for oss musikarar. Då blir det eit sterkt fokus på formidlinga tett på. Eg trur me treng slike sjansar. Ein konsert er betre enn utruleg mange øvingar om ein sett det opp mot kvarandre, avsluttar
Wolfgang B. Ognøy.

Bandet i fullt format består av:
Jardar Havikbotn – Keyboard, Kjetil Østebøvik – Bass/Vokal, Eirik Nedrebø – Akustisk gitar, Wolfgang B. Ognøy – El gitar og Øyvind Østebøvik – Trommer.
Lunsjkonsertane våre er eit samarbeid med Tysværtunet, og er eit gratisarrangement som startar klokka 11.30.