For det er i eit historisk lys ikkje småtterier ein gjekk inn for. Og når me nå sitt me fasiten er dette ei av dei største suksesshistoriene i Tysvær si historie. Så det er på sin plass å også sende ein gratulasjon til dei som kom opp med ideen, og som til slutt stemte for dette forslaget.
I dag er Tysværtunet på mange måtar sentrum av kommunen. Det er ein treffstad for liten og stor. For gammal og ung. Tysvær Bygdeblad har fleire gonger, også på leiarplass, hylla innhaldet og tilbodet i «Tunet». Det er lett å la seg imponere over det som er. Samstundes er det også lov å bli imponert over det som er planlagt. I nær tid, men også i litt meir fjern framtid. Me snakkar om utvidingar og endå betre tilbod. Nytt badeanlegg, ny kinosal og andre fasilitetar er under planlegging. Og det er ingen grunn til å tvile på om dei vil lukkast. Historia fortel om engasjement og vilje, som gjer at slike planar fort hamnar i hylla for gjennomførbare prosjekt.
Det unike som blir trekt fram i festtalane er kombinasjonen helse, kultur og idrett. Som det blir sagt i eit intervju i avisa dag, så er det vel det einaste omsorgsenteret og den einaste kortidsavdelinga i landet som har eigen kinosal og klatrevegg. Og det var tanken. Gjere Tysværtunet til ein stad der kommunale tilbod går hand i hand. Det har vore kampar, og det har vore overskrifter. Sjølvsagt. 25 år er 25 år. Men ein har hatt evna til å lande, komme opp med nye idear og løyse desse. Det er eit sterkt bakteppe når ein nå opnar dørene, enda meir, og inviterer til fest i vekevis.
I ei tid der ein snakkar om sentrumsutvikling, helsehus, leilegheiter og eit nytt senter så speler faktisk Tysværtunet ei svært viktig rolle. Knutepunktet og samlingsstaden ligg der. Med tilboda og entusiasmen sin. Derfor er det svært viktig at jubilanten også speler ei rolle når ein tenker på meir kommersielle planar for Aksdal sentrum. Det må vere Aksdal sentrum og kulturhuset, og ikkje berre eit sentrum pluss kulturhuset.
Kvifor opplever Tysværtunet all denne suksessen?
Det handlar sjølvsagt om tilbodet, alle dei som jobbar der, plasseringa og om det ønske me alle har for å få gode opplevingar. Når dei som jobbar der innan helse, kultur og sport strekk seg kvar einaste dag, for at du og eg som brukerar skal få eit topp tilbod, ja då blir ofte resultat deretter.
I festrusen som oppstår kvar gong ein feirar noko er det lett å gløyme at gode resultat berre kjem om ein har gjort eit godt arbeid. Dei rette folka må ha dei rette stillingane. Ein må ha økonomiske rammer som både er forutsigbare, og tilpassa dei krav og ønsker som er. Det er ein balansegang, og det er ikkje alltid lett. Heldigvis kan me slå fast at suksesshistoria Tysværtunet fortener all ros og hyllest dei neste dagane.
Tysvær kommune ville ikkje vore det same utan, for å bruke nokon andre sitt slagord.
Gratulerer med dagen til alle som har hatt ein finger med gjennom 25 år, og vel så det.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør