Kva kostar helse og omsorg?

Høgre-politikar Arvid Bakken stiller i denne avisa spørsmål om pengebruken innan helse og omsorgstenestane til kommunen. Det er interessant på fleire måtar.

For det første så stiller Bakken legitime spørsmål sidan Tysvær kjem høgt ut i pengebruk samanlikna med andre kommunar rundt oss. Han sit i eit parti som i ein samarbeidsavtale med Arbeidarpartiet har makt til å gjennomføre eventuelle kutt eller justeringar i denne pengebruken. I eit innlegg i sist kommunestyremøte kom han berre med tankar om enkle løysingar, noko som må tolkast som at dette i første omgang meir er eit ønske om ein debatt, og eit startskott i eit politisk arbeid.
For bak tala som Bakken viser til er det ikkje rom for enkle løysingar. Det veit både Bakken og dei som styrer dette arbeidet til dagleg. Helse og omsorgstenester er ein innvikla og dyr del av det å drive ein kommune. For når Tysvær bruker meir pengar på dette feltet enn til dømes nabokommunane våre, så er det fleire punkt som ikkje er belyst i den rapporten det nå blir vist til.
Det gjeld kvalitet på tenestene, responstid, drift, og kva faste utgifter som er tatt med i budsjett og rekneskap, og heller ikkje korleis dagens tilbod er tilpassa framtida.
Nokre av desse områda er også vanskelege å måle kroner og øre. Men det er likevel noko både administrasjonen og politikarane må bruke tid på å finne ut av. Lønnsbiten er alltid eit tilbakevendande spørsmål. Spørsmåla knytt til det er mange.
Kor mange må ein ha i arbeid for å utføre dei pålagte tenestene? Skal det takast høgde for Tysvær sin geografi når ein ser på lønnsandelen? Kva med dei nye pålagte oppgåvene innan helse og omsorg. Korleis skal ein takle dei utan å måtte tilsette fleire?
Dette er noko administrasjonen har jobba med lenge, men som det kanskje ikkje utad (les; i det politiske Tysvær) har vore like lett å sjå, eller høyre resultat av. For når «rekneskapen» for tenestane blir tolka slik at det blir brukt altfor mykje av kommunen sine pengar, ja då skal ein slik Bakken gjer, stille spørsmål.
Eg trur at det finnest mange gode svar på denne pengebruken. Eg trur også det finnest politisk vilje til å gjere grep der det må gjerast. Utfordringa er at dette er eit «minefelt» og ein balansegang mellom pålagte og forventa samfunnsoppgåver, og det som heiter ein balansert kommuneøkonomi. Når politikarane får samla seg til ei gjennomgang av dette, og har fått reise på studietur til Vindafjord og Bømlo, så vil dette komme opp både i helse og omsorgsplanen for dei neste åra, men også som ein «god» valkampsak.
Startskottet kom i kommunestyresalen.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør