Om Nedstrand blir droppa som stoppestad i Ryfylkebassenget vil det få store negative konsekvensar, meiner Nedstrand bygdeutval. Dei nektar og gi seg utan kamp og oppmodar kommunen til å skrive eit høyringsbrev snarast. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
No har kommunane grunn til å vere optimistar med tanke på ruteopplegget frå 2021.

Kuttar ut Nedstrandsferja

Samferdselssjefen i Rogaland har kome med forslag til ny rutestruktur i Finnøysambandet. I dei to alternativa som er lagt fram, er Nedstrand-anløpet enten stryke eller sterkt redusert.

– Nok ein gong prøver Rogaland Fylkeskommune å legge ned Nedstrandsferja. Det kjem ikkje Tysvær til å sitte stille og sjå på. Det ligg føre to alternativ. I det eine er Nedstrand heilt ute av ruteopplegget. Sjølvsagt kan me ikkje godta dette. I det andre ligg Nedstrand inne, men så langt eg kan sjå med færre avgangar. Det kan me heller ikkje godta. Nasjonal sykkelrute mellom sør og nord-rogaland går over Nedstrandsferja. Ferja er viktig for yrkestrafikken til og frå Foldøy – og til Sjernarøy. Det er ei storsatsing på turisme med Himakånå/Preikestolen-samarbeid. Ferja er i dag også pendlarferje for fleire, kommenterer ordførar Sigmund Lier engasjert.

Fylkessamferdselssjefen blir invitert til møte i kommuneplannemnda 6.mars, til same møte som høyringsuttalen blir teke opp politisk.

Les meir om saka i papirutgåva neste veke.