Det var en sjelden trist stemning i kommunestyresalen i kveld. Rådmannens forslag til budsjett var tungt stoff. Fra venstre Randi Rettedal, Ola S. Apeland og Sigmund Lier. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Randi Rettedal (Frp) har siste tida blitt kontakta av mange i samband med barnevernsuro i Tysvær.

Barnevernssaka – ei svært vanskeleg sak

– Er barnevernet blitt ein industri? Kven er det som tener pengar her? Randi Rettedal (Frp) gjekk langt i å få fram viktigheita av ein gjennomgang av barnevernstenesta i Tysvær. – Dette er den tøffaste saka eg har vore borti på 25 år, uttalte ho.

Det har vore mykje uro og reaksjonar omkring barnevernssaker i Tysvær dei siste månadane. Diskusjonane har også nådd politikarane og kommunen. Tysdag vedtok formannskapet å innføre ein internkontroll av barnevernet og dei samarbeidande tenestane.
Ein vil mellom anna sjå på korleis barnevernet handterer bekymringsmeldingane som kjem inn, undersøkingar, og ivaretaking av ungane og foreldra.
Noko av kritikken som barnevernet har fått siste tida, går på at dei grip inn for tidleg med omsorgsovertaking, eller at dei har komme inn for seint.
Denne saka har til no blitt behandla bak lukka dører. Fram til no. Tysdag blei det altså bestemt at eit uavhengig ekspertutval skal vere med på ein gjennomgang av system og rutinar i barnevernet, og ha ettersyn i nokre enkeltsaker. Resultatet av internkontrollarbeidet skal vere klart innan utgangen av 2018.

Frp-forslag
Alle politikarane er einige i at dette er ønska. Men kor stor rolle kommunen skal ha, er dei usamde om.
Randi Rettedal la på vegne av Frp fram eit forslag om å gi rådmannen vedtaksmyndigheit i saker, der barnevernsleiaren i dag er øvste instans;
«I medhald av lov om barnevernstenestar blir det delegert til rådmann å ha ansvaret for administrative oppgåver etter barnevernslova.
I tillegg skal det opprettast eit folkevalt organ med fem medlemmar som får som mandat:
– Å godkjenne tiltak som er fremma av rådmann/barnevernsleiar. (Tidligare delegert til barnevernsleiar)
– Å godkjenne saker som skal oversendast til fylkesnemnda for avgjersle
– Å godkjenne saker som skal ankast i rettssystemet»

Vanskeleg sak
– Dette er ei av dei vanskelegaste sakene eg har vore oppi i løpet av dei 25 åra eg har vore politikar. Dei siste månadane har eg fått telefonar kvar veke, som går på barnevernet sine rutinar. Og eg føler ikkje at eg har blitt høyrt i denne prosessen. Eg føler meg rett og slett handlingslamma, utan moglegheit til å hjelpe. Når me får så mange henvendingar, må me ta det alvorleg og stille spørsmål. Noko er galt her, eg veit ikkje kva, men noko er det. Og det må me komme til botn i. Det er ungane og foreldra deira som er viktigast. Omsorgsovertaking er djuptliggande og fælt. Me er foreldre heile livet. Og eg må spør; har barnevernet blitt ein ny industri? Kven er det som tener pengar her?, spurte Rettedal og presiserte at kommunen har eit ansvar for å sikre innbyggarane ny tiltru til systemet.

Lovleg?
Etter at Frp hadde tatt til ordet, og fremma forslaget sitt, stilte Ola S. Apeland spørsmål ved lovelegheita med å gi rådmannen barnevernsleiaren sitt ansvar. Det kunne rådmann Arvid S. Vallesta svare på;
– Lova er klar på dette området. Det er barnevernsleiaren som skal ha dette ansvaret, og rådmannen kan ikkje overta jobben. Men etter at sakene har hamna i nemnda og eventuelt går til retten, kan rådmannen ha ei rolle, sa han.
Også etter beskjeden frå rådmannen, fortsette diskusjonen og kva lova faktisk seier på dette området.

Ungane i fokus
– Eg er ueinig med Rettedal. Eg føler eg har blitt høyrt i denne saka og tatt på alvor. Eg er glad for at dette no blir tatt tak i, kommenterte Anita Halsnes (Ap).
– Er det grunn til bekymring? Fungerer systemet slik det skal? Det er det me må finne ut av. Men me skal ha tiltru, tryggleik og respekt for tenestane våre, fastslo Arvid Bakken (H).
– Me skal sikre at alt blir gjort til ungane sitt beste, også gjennom tverrfagleg samhandling. Me har eit godt kompetent barnevern her i Tysvær, og dette skal me kvalitetssikre. Dette er eit modig grep av kommunen, uttalte ordførar Sigmund Lier.
Ekspertutvalet skal bestå av personar med barnevernsfaglig, psykologisk og juridisk kompetanse.
– Eg likar ikkje ordet «ekspertgruppe». Eg meiner at også andre partar, og leikmenn burde fått innsyn, kommenterte Sven Ivar Dybdahl (Sp).
Han poengterte at det er ungane sitt beste som gjeld – i alle variantar, og at ein må vere villige til å samarbeide godt.
– Eg har inntrykk av at barnevernet handlar litt for mykje etter magekjensle i enkelte tilfelle. Det er svært viktig at me får på plass ei utval som tar omsyn til alle partar, kommenterte han.

Formannskapet gjekk for rådmannen sitt forslag, men med ei lita presisering frå Høgre i punkt 2, og eit ekstra 5.punkt. Slik blei vedtaket;
« 1. Tysvær formannskap tar rådmannen sitt opplegg for internkontroll av barnevernet og samarbeidande tenester i Tysvær kommune til orientering.
2. Kommunen ved rådmannen i samråd med ordfører, oppnemnar eit uavhengig «ekspertutval» som i samråd med rådmannen er ansvarlig for gjennomgang av system og rutinar, samt utveljing og ettersyn av enkeltsaker.
3. Det blir tatt sikte på at levekårsutvalet og formannskapet skal få presentert resultatet av internkontrollarbeidet innan utgangen av 2018.
4. Funn og vurderingar i internkontrollen blir føresett tatt inn i kommunen sitt vidare arbeid med utvikling og førebuing av system og rutinar som skal sikre barnet sin rett til omsorg og beskyttelse, og gode oppvekstforhold for barn og unge i Tysvær.»
5. Tysvær formannskap ber rådmannen legge fram ei sak der delegering av søksmåls- og ankekompetanse på vegne av kommunen blir vurdert i delegasjonsreglementet.

På slutten av møtet blei det levert inn ein mindretallsanke som gjer at saka også skal bli behandla i kommunestyret. Anken blei underskrive av Sven Ivar Dybdal (Sp), Arvid Bakken (H) og Randi Rettedal.