100 mill her, og 100 mill der

Det er kjekk lesing når kommunane legg fram sine årsresultat for tida. Den ein kommunen slår den andre med tal som viser at det går ann å drive med pluss i kommune-Noreg om dagen.

Tysvær har vore inne i eit år kor usikkerheita knytt til Kårstø-skatten og dei mange spareprosessane har prega den politiske kvardagen. Eller for å seie det slik; bør ha prega den politiske kvardagen.
For når økonomisjef og rådmann legg fram eit pluss tett på 100 millionar, så må det vere lov å spørje korleis dette er muleg.
Svaret finn ein rimeleg raskt i at det har vore ei politisk vilje til å gjere grep innan drift. Neste pluss er at dei mange tilsette i kommunen, som dagleg bruker driftsmidlar og hever lønn, leverer betre enn nokon gong. Ein kan også tru at drifta av AS Tysvær nå er meir balansert og økonomisk korrekt, enn det den var for berre 10-15 år sidan. Kunnskap, erfaringar og ei ny tid sørger for det.
Eit område skil seg som vanleg ut med minus når rekneskapen blir lagt fram, nemleg teknisk. Mykje av grunnen til det er at det må investerast for å kunne tene pengar. Nye vass- og kloakksystem til hundrevis av millionar, skal legge til rette for eit framtidig og veksande Tysvær. Det må faktisk Tysvær ta seg råd til.
Skal ein halde oppe det kommunale tilbodet som er i dag, må ein også vere villig til å satse, samstundes som ein må gjere sparegrep.
Det er også gledeleg å sjå at naboane Haugesund og Karmøy går godt. Dette vil skape ein økonomisk tryggleik når det skal gjerast interkommunale vedtak, noko som det garantert vil bli fleire av i framtida.
Eit anna spørsmål mange vil stille er om me hadde sett dei same tala om det hadde vore ein storkommune på Haugalandet.
Svaret på det er det nok mange som har ei meining om. I utgangspunktet ville det ha vore heilt andre utfordringar innan drift og investeringar. Når me som er 11.000 gjer store investeringar innan infrastruktur, så må dei utgiftene delast på nettopp 11.000. Det kan bli dyrt per stykk. Men skulle ein investert for 100.000 innbyggarar så hadde me både hatt heilt andre tal på kor mykje det hadde kosta, og kor mange som måtte tatt rekninga.
Sparing hadde vore eit anna varmt tema, det same kutt. Eg meiner at dei tala som nå blir presentert viser at kommunane her er sterke kvar for seg, og samstundes skaper ein sunn konkurransen mellom dei, for å oppnå gode resultat.
Ein får heller applaudere kommunane på Haugalandet med eit fantastisk økonomisk 2017. Å gjere det bra økonomisk er inga sjølvfølge.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør