Ordførar Sigmund Lier vil ta denne saka opp saka kommuneplannemda den 6. mars, og har sendt ut følgande pressemelding om saka:
– Tysvær kommune reagerer svært negativt på forslaget som no Rogaland fylkeskommune har på høyring. Kommunen vil gjennom uttale peike på kva øydeleggande konsekvensar dette vil få.
Eg nemner kort: Forbindelse for Nasjonal sykkelveg mellom nord og sørfylket vil bli øydelagt, pendlarar vil få øydelagt sine reiseruter til og frå arbeid, yrkestrafikken vil måtte leggje om sine ruter, Nedstrand vil bli frårøva turistmulighetane som er i Ryfylkebassenget.
I Nærøyfjorden og Sogn og Fjordane er ferjetrafikken eit viktig turistmål. Med Rogaland Fylkeskommune sitt framlegg kan det sjå ut som om Rogaland vil byggje ned turistsatsinga i staden for å satse. Himakånåsatsing i tett samarbeid med Preikestolen vil bli vanskelegare å få til.
Mest av alt er forslaga svært uheldige for den trafikken og forbindelsen folk flest ynskjer mellom Nedstrand, Foldøy og Judaberg.