Ungdommen si festhelg

Denne helga er det to store kulturarrangement for ungdom på plakaten. Forkortingane UKM og RM betyr mange spennande aktivitetar både på, og bak scena.

UKM er blitt ein gedigen suksess der både scenekunst og andre utrykksformer har fått sin plass i kulturlandskapet. Ungdommens kulturmønstring som er «barnets» fulle namn har ein spesielt sterk posisjon i Tysvær. I år skal det både vere lokalt arrangement nå i helga, men også fylkesmønstring seinare i vår.
Det er vanskeleg å sette eit tal på kor mange som har hatt sin debut som kunstnar i desse mønstringane dei siste åra, men tenker ein etter begynner det å bli ein stor skare. Song, dans, band, solospel og utstillingar har florert og nivået har vore høgt. Det er imponerande spesielt når ein veit at mange av dei som deltek, gjer det for første gong. Erfaringa er kanskje framføre ein spegl heime, eller på ei morgonsamling på skulen. For ungdommen er kanskje ikkje dette noko hokus-pokus, men likevel. Å ha både «guts» og ferdigheiter til å stå framføre ein tettpakka sal og levere gong på gong, er noko å applaudere.
For i kampen om å tilpasse aktiviteter for barn og unge er det freistande å seie at idretten drar med seg det meste. Både av ungar, men også av pengar. UKM blir eit eksempel på at Tysvær har begge deler. Johnny Liadal er i kulissane og legg til rette. Kulturhuset og dei tilsette der er også heilt avgjerande. Men det står og fell på ungdommane sjølv. Og dei har vist at dei både kan og vil.

I Stavanger møtest skulekorps til Rogalandsmeisterskap i helga. Både det nye og gamle konserthuset må takast i bruk for å huse alle musikantane som skal spele seg gjennom sjølvalte stykke. Det er ei mektig oppleving, også for dei som i utgangspunktet ikkje forstår heilt dei vanskelege stykka ungar, og ungdommar klokkereint serverer frå scenen. Når ein ser sjølvsikre 13-åringar marsjere inn på scenen i den mektige hovudsalen i Stavanger konserthus, set seg ned og serverer frå øvste hylle, ja då skjønar ein som i UKM at ungdommen i dag ikkje har ei grense for kva dei kan få til. Det er divisjonar og skilnad på nivå. Men felles for dei beste, og dei som må ta til takke med sisteplassen, er den same. Dette gir dei noko, og den kjensla klarer dei å smitte over på publikum.
Førre Musikkorps har sidan årtusenskifte vore med og sett farge på arrangementet med ei rekke topplasseringar i 1. divisjon. I tillegg til timevis med øving og konkurransar har rekrutteringa frå korpset gitt enkeltmusikantar, som i dag speler i fleire av landets beste korps, som også deltek i internasjonale konkurransar.
Både UKM og RM er utstillingsvindauge som kan vere med å løfte dei unge talenta endå høgare og endå lengre fram. Er du i nærleiken av desse arrangementa, så bør du svinge innom.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør