UKM og RM. Forkortingar på gode tilbod til ungdommen.
UKM og RM. Forkortingar på gode tilbod til ungdommen.

Ungdommen si kulturhelg

I helga er det igjen duka for UKM for Tysvær og Bokn i Tysværtunet. Her kan ein oppleve både kunst, piano og song, for å nemne noko. I stavanger skal skulekorpsa spele i RM.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust og Alf-Einar Kvalavåg

– Å arrangere UKM er nok av det kjekkast eg gjer, seier kulturkonsulent i Tysvær kommune, Johnny Liadal.
Han gler seg stort til i morgon, fredag, når mange unge talent skal på scena i Storsalen, nokre skal stille ut bilde, og somme delta som arrangørar.
– Me satsar på fullt hus, seier Liadal.
Publikumarar i alle aldrar er velkomne til å sjå på UKM, og alle under 20 år får komme inn på arrangementet gratis.
– Me har stengt på Avanti denne kvelden, for å oppmode ungdom til å komme å heie på og støtte dei som deltar på UKM, seier Liadal.

Ikkje berre musikk
Johnny Liadal fortel at det er bra med påmeldte til årets UKM. Det er tysdag ettermiddag 20 påmeldte.
UKM er for alle mellom 13 og 20 år. Ein kan delta med alt som kan visast fram på ei scene eller i ei utstilling.
Ein kan også delta som arrangør, konferansier eller mediadeltakar.
Av påmeldte innslag til årest UKM i Tysvær og Bokn kan nemnast piano, fiolin, dans og kunst.
Liadal skulle gjerne sett at det var meir innslag med til dømes dans eller film.
– Det er eit slags «myte» at UKM handlar om song og musikk. Slik er det ikkje. UKM kan samanliknast med fjernsynsprogrammet Norske talenter, der ein kan delta med alt mogleg, seier han.
Rammene rundt UKM er profesjonelle, dei som opptrer får stå på ei flott scene og ungdommane blir tatt på alvor.

Arena for moglegheiter
I april skal det vere fylkesmønstring for UKM på Tysvær. Kommunane i fylket arrangerer UKM, og det blir plukka ut eit tal deltakarar til fylkesmønstringa.
– Me vel ein fagjury som blir samde om kven ein skal sende til fylkesmønstringa. Det er kriterier for kor mange kvar kommune får sende vidare. Dersom det til dømes er 10 sceneinnslag, får ein sende tre til fylkesmønstringa. Dei som bidrar med kunst kjem utanom, og kan også bli valt ut til å vere med til fylkesmønstringa, forklarer Liadal.
Han seier at mellom anna originalitet blir vektlagt når det kjem til kven som blir valt ut til fylkesmønstringa.
– Dersom ein til dømes har skrive sitt eige materiale er dette veldig bra, seier han.
Sjølv om nokon får vere med vidare til fylkesmønstringa, påpeiker Liadal at UKM skal vere lågterskel og ein arena for moglegheiter for ungdommane i kommunen.
– Å sjå at ungdommane får meistringskjensle ved å presentere sine talent er veldig kjekt, seier Liadal.
Han påpeiker at dei også legg vekt på det sosiale rundt UKM, der unge som er interesserte i kreative utrykk og kanskje har ein del til fells, får treffast.
UKM har eksistert sidan midten av 80-talet, og skal vere eit tilbod alle i Norge får.

Årets høgdepunkt
Korpsene i Førre og Grinde skal denne helga til Stavanger og kjempe om pokalar, gode tilbakemeldingar og dei gode opplevingane.
– I år er det Musikkorpsa sitt år, og vi kan for 45. gang ønske velkommen til Rogalandsmeisterskap for skulekorps. Heile Bjergsted Kulturpark tas i bruk. Stavanger Konserthus med både Fartein Valen og Zetlitz, Stavanger Kulturskole og UiS, fakultet for utøvande kunstfag fylles av korpsmusikantar og publikum denne helga, seier Lilli Anne J. Grong som er dagleg leiar i NMF Rogaland.
RM for skulekorps og RM for juniorkorps
55 skulekorps er representer i konkurransen, og 28 juniorkorps. Fleire av korpsa samarbeider. I tillegg er det både solist- og ensemblekonkurranse der heile 102 solistar og 46 ensemble deltar. Konkurransen er delt i tre klassar etter alder.
I år opplever me ein auke med 40 fleire solistar, og 10 fleire ensemble enn i 2017.
Førre og Grinde
Førre Musikkorps har lange og gode tradisjonar knytt til RM. I år skal dei spele stykket «Napoleon on the Alps» under leiing av sin dirigent Svein Roger Koppand i 1. divisjon. Grinde Skulemusikkorps speler i 4. divisjon brass under leiing av dirigent Øystein Østebøvik. Dei var ikkje med i fjor, men gjorde det svært bra i 4. divisjon året før. I år skal Grinde spele «Three Jazz Pieces» (Harper arr. P. Graham), «Crazy music in the Air» (Jacob de Haan) og «Bravo March» (Kai Tønnessen).
Begge korpsa har musikantar som er gode nok til å kunne forvente gode resultat i den tøffe konkurransen i jubileumsåret.
Svanlaug Mæland frå Førre er einaste lokale musikant i solistkonkurransen. 18-åringen deltek i den eldste klassen i sitt siste RM.