Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

Gratulerer med dagen, Shell!

Shell i Aksdal feirar både 40-årsdag og opning av nye lokale i dag. På menyen står varer til 1978-priser.

Det var i 1978 at bensinstasjonen i Aksdal blei etablert, og i dag blir jubileet feira. Og bursdagsbarnet fremstår i ny kledning.
– Me er veldig nøgde med korleis det har blitt her. Så må me få takke alle dei tålmodige kundane våre, som har heldt ut med oss i oppussingsprosessen, seier Gunnar Lunde som er butikksjef i Shell Aksdal.
Bensinstasjonen er del av det nye butikkonseptet til Shell. Dei tar for seg dei største stasjonane først, og Aksdal er ein av dei. Heile butikken er riven og gjort om. No er det 16 sitteplassar og meir opent lokale – i retrostil.
– Dette er eit møtepunkt for mange. Eit landemerke som i 40 år har vore ein samlingsplass. Ein fast møteplass, og ikkje minst ein trufast drivstoff-leverandør, bilserviceplass og matstopp. Denne bensinstasjonen er troner alle statistikkar og er best i Rogaland. Blant topp 10 omsettingsmesseg på landsbasis faktisk. Målet no må vere å hamne blant topp fem, sa ordførar Lier då han skulle klippe bandet.

Les meir og sjå fleire bilde i papirutgåva på torsdag.

Faktaboks

Denne gjengen frå Aksdal barnehage var innom og sikra seg boller til to kroner på jubileumsdagen.