Klokka 22.24 meldte dei at brannen var sløkt. Haugesund brannvesen returnerte til stasjonen, og Tysvær brannvesen dreiv ettersløkking.
Rune Tallaksen ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrik seier til Hnytt at det ikkje var store greiene, og at brannen skal ha blitt sløkt ved rota.
Det er også meldt om ein brann i ein bosscontainer på same stad tidlegare i veka.