Leiv Helge Kaldheim i lokala som snart skal bli både bank og meklarkontor.
Leiv Helge Kaldheim i lokala som snart skal bli både bank og meklarkontor. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Skal selje Tysvær frå Aksdal

1. juni vil Tysvær få sitt første meklarhus for bustadsal. Eiendomsmegler 1 er på veg inn i Aksdal Senter.

– Tysvær har alltid vore, og er framleis eit svært spennande område å jobbe i. Dei planane som er skissert for framtida ønsker me å vere ein del av, og derfor styrkar me oss i kommunen med eit fullverdig lokalkontor. Me startar straks med å bygge om deler av banken, og vil da kunne tilby både bank- og eigedomstenester her. Dette er me blant dei første i Rogaland som klarer, og eg kan garantere at fleire vil følge etter, smilar Leiv Helge Kaldheim som er regionsjef/eigedomsmeklar.
I dag føregår nesten alt sal i Tysvær frå kontoret i Haugesund.
– Det som er planen er at det frå opningsdatoen vil vere to meklarar som skal ha base her. Dei skal ha fokus på det som skjer i kommunen og halde seg oppdatert og i forkant. Det skal lagast lokaler lik det me har i byen, med vegger dekka av objekt for sal, søkarbasar og presentasjonar av prosjekt som er på gang. Eg trur det er heilt naturleg for folk som vil etablere seg i Tysvær, å ta turen til Aksdal og sjå kva tilbod som er der. I tillegg trur eg det å få snakke med meklarar som er spesielt opptatt og oppdatert på Tysvær vil vere ein styrke, seier Kaldheim.

– Kor?
I dag heng det enkeltbrosjyrar i vindauga i banken. Lite Tysvær å sjå akkurat denne dagen.
– Kor vil folk kjøpe i Tysvær?
– Ytre del skil seg ut. Der er det også fleire svært spennande bustadområder, der ein heldigvis har god variasjon i bygningsmasse og alder på eigedomar og leilegheiter. Frakkagjerd skil seg ut. Der har ein hus som er bygd over fleire tiår. Det er store og flotte eigedomar, men også god variasjon på storleik og pris på leilegheiter, eller hus i rekke. Me liker å ha prospekt i dette området. Det neste området er Garhaug. Fantastisk fin plass, spennande bygningsmasse allereie, men også spenstige planer for framtida.
– Kor får ein mest igjen for pengane?
– Det er eit litt vanskelegare spørsmål. Skal eg komme med mitt tips er det å jakte på ein bustad i Førre Terrasse. Der er det store og flotte tomter. Der trur eg ein kan få både ein pris seljar og kjøpar kan bli nøgd med. Mulegheita for å pusse opp, og modernisere der, kan gjere at kjøpar kan få sitt draumehus oppe i lia, smiler Kaldheim.

Framtida
Tysvær har mange spennande bustadprosjekt i framtida.
– Korleis vil du som regionsjef vurdere dei planane som er kjende?
– Då vil eg sjå litt på leilegheiter først, siden det har vore mykje omtala, mellom anna i Aksdal. Skal ein få den rette balansen i framtida må ein ha leilegheiter i alle prisklassar. Får ein opphoping av leilegheiter i «visse» prisklassar, kan det øydelegge for meir enn salet. Slik eg vurderer det, så vil dei prosjekta som nå er i gang, eller som ein håper å kunne starte opp, også noko som vil gi dette området mykje omtale.
– Kva med snakkisen Skeiseid?
– Tysvær har mange areal som ikkje er utnytta i dag. Skeiseid er nok spennande, men ein skal vere forsiktig så ein ikkje endar opp med berre ein type bustadar der. Nå har nok satsinga på Spanne/Kolnes i Karmøy og i Skåredalen, Haugesund bremsa litt av det presset som var på å komme i gang på Skeiseid. Eg trur heller ikkje ein må glømme at det framleis er mange som vil bu i einebustadar med hage og litt rom rundt seg. Så å berre å tenke fortetting kan fort bli ei fallgruve.

Kunnskap
Når Eiendomsmegler 1 etablerer seg i Aksdal Senter, er det også for å komme tettare på dei som har kunnskap om bustadmarknaden i kommunen.
– Ein seier ofte at det er kor husa ligg som betyr noko når det gjeld pris, og kor fort ein får selt. Det kan godt vere, men me ser også at lokalkunnskap er viktig. Det å få snakke med lokalbefolkninga, høyre litt på rykta og tankar dei har. Då meiner me at me må vere der desse bur. Me håper at vegen bak senteret snart blir opna, at tilgjengelegheita til våre lokale blir lett, og at folk tør stikke innom. Dei aller fleste har heldigvis meiningar om hus og hytter, seier Leiv Helge Kaldheim.
– Kva tenker du om at det ofte er tysværbuar som kjøper hus i Tysvær og dermed berre flyttar internt i kommunen?
– Det er ikkje uvanleg at ein vil ha slike periodar der ein flytter frå ein stad til ein annan i ein kommune. Nå har eg ikkje tala for Tysvær her, men eg veit at dette skjer. For oss er ikkje det noko større utfordring så lenge det er spennande prosjekt internt i kommunen. Om ein ønsker ein vekst i kommunen, så må dei som styrer legge til rette for prosjekt som ikkje naboane har. Når det er sagt, så har me begge typar kundar. Dei som vil holde fram med å bu i heimkommunen, og dei som er meir interkommunale og ser føre seg å flytte rundt på Haugalandet.
Hyttefolket
Den siste spennande biten ved et meklarkontor er hyttefolkets ønsker.
– Der er haugalandingane svært så interesserte i kva som skjer. Dei siste åra har me hatt ei formidabel utvikling i fjellet, men også for eigedomar ved sjøen. Så hytteliv vil få god plass når me opnar her. Som eg har sagt fleire gonger; Tysvær er eit utruleg spennande geografisk område for vår bransje. Så nå må me få fart på ombygginga og komme i gang her, avsluttar Leiv Helge Kaldheim.