Frakkagjerd tar seg opp

Hugsar du saka om at Frakkagjerd var det styggaste vegkrysset i landet? Vel, det er slutt på den tida.

Næringslivet på begge sider av europavegen har verkeleg tatt tak i det som me alle kan sjå frå vegen.
For å begynne med starten. Det burde i utgangspunktet ikkje vore næringsareal der me i dag ser ei rekke med stadig større og flotte industribygg. Det burde sjølvsagt vore bustadar og handel. Men når ein då gjorde «feilen» og opna opp for industri og anna næring, så burde krava til bygg og uteområde sjølvsagt vore langt meir strenge enn dei var den gongen.
Det har tatt tid. Bygg har «hengt og slengt». Søppel har «føke» rundt, og dei som bur i området rundt næringstomtene har plukka søppel og klaga. I ein periode for omlag ti år sidan var det ille. Så ille at fleire lokalpolitikarar tok tak i det. Dei sa høgt og tydeleg at; «dette gjekk ikkje ann».
I dag ser me resultat. Dei store har gått framføre. Coop har bygga ein flott butikk, som i kveldsmørket faktisk er så estetisk flott at den er verdt ein studie. Wee-gruppen har også vore med på oppturen og bygget deira, som er mange, er nå i den same fargen og har ein tydeleg og profesjonell stil. Ingen av dei bygga som har komme dei seinare år har «forsøpla» det estetiske, men er likevel funksjonelle. Haugaland Caravansenter har både kjøpt og seld, og har etter kvart fått eit spennande område for dei som er på jakt etter ei campingvogn og ein bubil. Dei har vist at det går ann å ha sal i eit område, når området tiltalar kundar.
I denne vekas avis kan du lese om kontorfellesskapet «Løå». Bygd i landskapet og med ein grøn profil som verkeleg toppar området. Rundt dei fleire andre spennande og oppgraderte næringsbygga.
På mange måtar er nordsida av næringsområdet blitt topp moderne på grunn av sitt faglege innhald, men også på grunn av sine bygg og uteareal. Det er litt meir å gå på, og det veit huseigarane godt. Men det kjem sakte men sikkert.
På andre sida av vegen er det meir på vent, spesielt i området som ein kallar Sterling-tomta. Blir det Rema 1000-butikk der nokon gong?, eller blir det bustadar. Kva med området som Berg Eigendom disponerer store areal i på andre sida av Frakkagjerdvegen? Blir det framleis små butikkar og kontor, eller har dei store planar om leilegheiter og anna type næring. Vel det teiknast og drøymast på fleire arkitektkontor.
Og i botnen av all planlegginga så veit dei at Tysvær nå krev heilt andre bygg enn det som var godkjent den gongen, då Frakkagjerd var eit stygt vegkryss. Nå er heile ytre del av Tysvær i ferd med å bli ein moderne og framtidsretta motor for heile kommunen.
Og akkurat i ei slik utvikling så har faktisk utsjånaden mykje å seie – heldigvis.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør