Det blir ein litt ny dimensjon over lunsjkonsertkonseptet i morgon når MUNOR tar med seg fire songarar og seks musikarar til gratiskonsert i kulturhuset i morgon.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det blir ein litt ny dimensjon over lunsjkonsertkonseptet i morgon når MUNOR tar med seg fire songarar og seks musikarar til gratiskonsert i kulturhuset i morgon.

Tidenes lunsjkonsert i Cohen-ånd

I dag fredag blir det lunsj i Nygaardsalen i Tysværtunet. På scenen ikkje mindre enn ti dyktige musikarar, og songarar frå heile Haugalandet. Leonard Cohen er tema i det som blir ein nydeleg konsert – heilt gratis.

Det blir ein litt ny dimensjon over lunsjkonsertkonseptet i dag når MUNOR tar med seg fire songarar og seks musikarar til gratiskonsert i kulturhuset.
– Dette er eit eventyr av ei historie kor alt som kunne gå bra gjekk bra, og det raskt. Me i MUNOR hadde ein vellukka konsert i Tysværtunet saman med Helge Martin Framnes og Anita Helgeland. Den tenkte me å lage ein lunsjkonsert av i anledning boka om oss, som kom ut like før jul. Og slik blir det, seier Bernhard Gismervik.
– Men…
– Men så «ballet» det litt på seg. Eg fekk høyre om eit tvillingpar frå Karmøy som hadde eit Cohen-prosjekt, og tenkte tanken på at nå kunne eg få til eit Cohen-kor med tre «syngedamer». Det er Kjersti og Rønnaug Tingelstad. Ei av dei var i tillegg gift med ein gitarist som heiter Oddbjørn Austevik, og vips så hadde me ein gitarist med på laget også, seier Gismervik.

Ti stykk
Som om ikkje det var nok var det også tid for å stille mannsterke i MUNOR.
– Me kjem toppa med fem stykk. Arild Halvorsen obo, Marina Johansson fiolin, Anna C. Johansson bratsj, Tobias Tellmann cello og eg sjølv på fiolin.
– Korleis har ein løyst dette, og fått det inn i «lunsj-konseptet»?
– Eg har personleg stor sans for desse lunsjkonsertane og me har jobba godt for å lage ein konsert som skal få fram dei fine Cohen-songane. Han har mykje visesongar i seg og me har jobba med dette materialet kvar for oss, og litt saman. Eg kan love at dette blir ein fin konsert, og det er berre å glede seg.
– Utfordringar?
– Ja, men berre positive. Helge Martin trudde koret skulle vere med på ein song, men dei er med i heile konserten. Cohen likte å tre tydelege stemmer i koret og det har me tatt med oss. Gitaren blir kompet til det som ikkje er eit band, men det er ein jobb Austevik gjer flott. Så krydrar me i MUNOR det heile rundt Helge Martin. Han var litt nervøs då han høyrte om dette, men nå har det gått seg til, og me gleder oss stort til fredagen, seier Gismervik.

Prøve
Med ti personar på scena og utstilling i foajeen blir det denne gongen altså ein prøvelunsj i Nygaardsalen. Med stadig nye og spennande artistar på telefonen kan det bli ein reservescene for lunsjar også i framtida.
– Det er flott at me får spele der med denne oppsettinga. Eg trur folk vil få eit fantastisk inntrykk av kva musikk dette er, og den musikalske opplevinga kjem til å overraske. Det trur eg, seier Bernhard Gismervik.
– Er det vanskeleg stoff å ta tak i?
– Nei, når har me eit godt utgangspunkt i arrangementa som Tom Roger Aadland laga for oss til sist konsert. Han hadde hatt lyst til å vere md denne gongen også, men det «krasja» med turneen han er på. Men det gir oss eit så godt utgangspunkt at dette er noko som fungerer raskt. I forhold til det me i MUNOR speler til vanleg er ikkje dette like krevjande, men det er like mykje arbeid bak det å spele godt det som er lett, som det som er teknisk meir utfordrande. Det skal vere perfekt. Slik er det berre når me set stempelet på ein konsert.

Boka
Boka om Munor er nominert til «Gullsilda» og er laga av fotograf Kim Edgar Bachel i samarbeid med Tom Roger Aadland. Bachel kjem til lunsjkonserten, og det blir litt snakk om boka undervegs, og mogleg for eit godt kjøp etter at konserten er over.
– Boka har fått ein del merksemd og det er kjekt. Me tar med oss Kim til Tysvær og folk vil få kunne bla i den, og kikke. I tillegg er det sjølvsagt mogleg å få kjøpt signerte utgåver, ler Berhard Gismervik.
– Så då er det berre å glede seg, møte opp i god tid, ta med seg noko godt frå kafeen og få med seg tidenes lunsjkonsert.
– Heilt einig. Dette blir stas.

Konsertstart er 11.30