I rolla som Roy Orbison treff me operasongar Ole Morten Velde, her saman med Elsa Aanensen i Tysværtunet.
Foto: Mona Terjesen
Ådne Brathammer har festa det nye oppropet med kjetting i bokhandelen. No håper han og dei andre engasjerte naboane i Hervik at så mange som mogleg vil signere, slik at det blir ei folkeavstemming.

Tidenes lunsjkonsert!

Over 200 tilskodarar tok turen til lunsjkonserten med MUNOR og mellom andre Helge Martin Framnes og Anita Helgeland.

Det blei ein litt ny dimensjon over lunsjkonsertkonseptet i dag, då MUNOR tok med seg fire songarar og seks musikarar til konsert. Over 200 menneske møtte opp. Det blei så fullt i Nygaardssalen at fleire måtte sette seg på gangen.
– Utruleg kjekt, seier arrangørane Øystein Simonsen frå Tysværtunet og Alf-Einar Kvalavåg frå Tysvær Bygdeblad.

I tillegg til Framnes og Helgeland var songarane Kjersti og Rønnaug Tingelstad med. Oddbjørn Austevik bidrog på gitar, Arild Halvorsen på obo, Marina Johansson på fiolin, Anna C. Johansson på bratsj, Tobias Tellmann på cello og Bernhard Gismevik på fiolin.