– I påska er det ikkje slik at alle er på fjellet. I Nedstrand vel mange å nyte dagane heime, og rundt omkring fylles feriebustadane med mange og gode «fritids-nedstrendingar». Jubileumskomiteen for 150-års feiringa ynskjer å invitere alle til ein kveld med roleg tempo, der orgelmusikk og påskeforteljinga vil stå i sentrum, seier Arne Myskja i Nedstrand Kyrkje 150 år.
Og ein treng ikkje leite langt etter ein som kan traktere orgelet i kyrkja.
– I Nedstrand er vi heldige og har ein kapasitet på orgelkrakken. Organisten vår, Stein Johannes Kolnes, har vore organist både i Fagerborg og Nordberg i Oslo, har debutert på orgel, har skrive fleire orgelbøker og undervist både ved musikkhøgskulen og musikkonservatoriet i Rogaland. Denne kvelden har han sett saman eit program med musikk av mellom anna Bach, Brahms og Reger. Sidan det er skjærtorsdag, vil vi også feire nattverd. Vi gler oss til å dele denne kvelden med både sambygdingar og gjestar, seier Myskja.
Ro og ettertanke
Påske er også tid for ro og ettertanke. Nedstrand Kyrkje inviterer til musikkandakt og nattverd på Skjærtorsdag.