– Kutt ut

Du som driv og herjar på Frakkagjerd for tida leser neppe dette som står her. Men kanskje nokon som kjenner deg gjer det.

Kan dei vaksne som bryr seg nå komme på banen og gi beskjed om at det er nok? Simpelt herverk på ungar sine ting høyrer ingen stad heime. Nok er nok.
At ein knuser ei dør på ei grillhytte nær ein barneskule er inga verdsnyheit som gjer at folk stoppar opp. Men ein burde gjere det. For når ein i skulen brukar store ressursar på å skape samhald og eigarskap er eit angrep på noko som ein har bygd saman, mykje meir enn ei knust tredør. Det er faktisk eit angrep på dei verdiane me set så høgt i skulearbeidet.
Reaksjonane har vore sterke etter at me la ut saka 2. påskedag. Folk trur nesten ikkje det dei les. Dei vil ha slutt på herjingane som skal ha gått føre seg i området i vekevis. Ungdomsskulen, idrettshallen, barnehagen og barneskulen. Alle har dei vore mål for tilfeldig hærverk. Ruteknusing og tagging. Sjølvsagt heilt unødvendig.
Eit par har ringt oss og lurt på om det er for lite aktivitetar i den ytre delen av Tysvær. Om det er slik at ungdommen kjedar seg. Det har vore slike hærverksbølger før, men ein har aldri heilt klart å nøste opp i kva det eigentleg er som utløyser dei.
Eg hugsar at me på ein Stegaberg-kamp for eit par år sidan såg ein gjeng ungdommar på taket av ungdomsskulen. Dei reiv og sleit i ein takhatt. Meiningslaust, det også, men hadde dei fått rive den laus frå takduken ville regn ha kunne gjort store og kostbare skader på taket på skulen. Så her har me tydeligvis nokon som vil markere eit eller anna i beste sendetid, med hundrevis av tilskodarar.
Er det fordi dei kjeder seg? Er det fordi dei ikkje er interessert i tilbodet til idrettslaget, skulen og andre som har aktivitetar i Frakkagjerd-området? Her er det noko som skjer kvar einaste dag heile året.
Eg spurte eit par ungdommar som var i Aksdal om kva bilete dei hadde av ungdomstilbodet i ytre del. Det var så som så faktisk. Då eg nemnte storhallen og Stegaberg IL var det skryt å høyre om det, men det var ikkje for alle. Dei tre jentene åtvara mot ungdommar som kjedar seg, som ikkje har ein kjellar å krype inn i og spele «data». Som rek rundt og «heng» på Spar eller på «Coopen», og har lite å finne på.
Det var som ho eine så rett spurte; Kva kan me gjere for dei?
Herjinga på Frakkagjerd er eit delt problem. Innbyggjarane må følge med, politiet må på banen og kommunen må være sitt ansvar bevisst.
Denne gongen gjekk det ut over ivrige skuleungar som hadde gitt alt for eit betre skulemiljø og ein trygg skulekvardag. Det fekk seg eit skott for baugen, eit trist, men dessverre reelt problem på Frakkagjerd akkurat nå.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør