Maria Arredondo og Torstein Sødal gjestar Aksdal kyrkje om vel to veker. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Maria Arredondo og Torstein Sødal gjestar Aksdal kyrkje om vel to veker. Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg

Ei spennande musikalsk blanding

Om vel to veker gjestar songarane Maria Arredondo og Torstein Sødal Aksdal kyrkje. Dei slår seg saman med Tysvær blandakor for kvelden, og det kan fort bli ein kveld for minneboka.

Maria Arredondo slo gjennom for 15 år sidan, og blei ein av landets leiande songarar. Ho har mange hits på samvitet, og er mellom anna kritikarrost for hovudrolla ho hadde i «Sound of Music» i Oslo. Dei siste åra har ho samarbeida mykje med ektemannen, tenoren og artisten Torstein Sødal.
Han har samarbeida med Hanne Krogh på hennar julekonsertar i mange år, før han blei del av julekvartetten «Stille natt, hellige natt».
Sødal har også deltatt i Melodi Grand Prix, der han kom på andre plass i den norske finalen.
Denne kvelden slår altså desse artistane seg saman med Tysvær Blandakor.
– Ennå eit argument for at denne kvelden fort kan bli av det hyggelige slaget, meiner arrangørane.
Regi er det den svenske regissøren Mikael Neumann som har.

Koret syng fleire songar
Konserten er i kyrkja, men det blir ikkje bere religiøse songar og salmar gjennom kvelden, blir det opplyst frå songarane.
– Kyrkja er ikkje eit kulturhus, noko me absolutt respekterer, men det er likevel høgt under taket. Derfor vil vårt varierte repertoar mellom anna innehalde innslag frå musikalar, gospel, viser, samt nokre religiøse songar, seier dei.
Tysvær blandakor skal synge og vere bakgrunnssongarar på tre songar, Gospel Medly, You never walk alone og Vi lever.
– Koret skal også synge to korsongar på konserten, fortel Maria S. Jacobsen i Tysvær blandakor.