Hjelp til barneheim i Guatemala

Dette innlegget skulle eigentleg vore skreve for fleire år sidan, men då blei det ingenting av. Men eg har ikkje gløymt det som hende då.

Eg fekk ny inspirasjon då eg fekk Kyrkjetonar i postkassa og leste om Kjersti Lofthus.
I fleire år har min tidlegare arbeidsgjevar Frakkagjerd Ungdomsskule(FUS) hatt eit venskap med ein barneheim for funksjonshemma i Guatemala. Meg og min familie var i Guatemala eit år i 2009 i regi av Fredskorpset. Då blei me kjende me nokre dyktige folk som hadde starta ein barneheim som heiter Centro Maya. Dei tar seg av funksjonshemma born, som har særs dårlege tilhøve i eit land utan lover som sikrar at born får den hjelpa dei treng. Då me kom tilbake ville FUS vere med å starte eit venskap. Elevane har i mange år støtta desse barna. Dei har blant anna gjort det mogleg for senteret å eige huset sitt og løne ein musikklærar. Framleis driv Frakkagjerd Ungdomsskule å samlar inn pengar for å hjelpe, spesielt gjengen i valfaget Innsats for andre er aktive på området. Vonar dei kan fortsetje med det.

I 2014 vart det mogleg å invitere to av leiarane ved barneheimen til Noreg og Tysvær. Meg, min familie og spansklærar May Britt Stava tok oss av dei og tok dei med rundt i kommunen vår. Dei fekk vitje skulen, ordførar, kultursjef og fleire institusjonar for funksjonshemma i kommunen. Alle tok imot dei med opne armar og delte erfaringar og opplevingar. Inntrykket var at det handlar om menneske og menneskeverd uavhengig av kultur, religion og geografi.

Me tok óg kontakt med kyrkja for å høyre om dei var interesserte i ei vitjing frå Guatemala. Mottakinga dei fekk fortenar ei stor takk og eit innlegg i avisa synes eg. Ingen spurde om religion eller kva etnisitet dei høyrde til. Kjersti og dei andre i kyrkjelyden var særs opne og inviterte ein framand kultur inn i kyrkjerommet. Damene frå Guatemala som er av Maya – folket vart inviterte til å fortelje historia si på salmekafè i kyrkja og i gudstenesta på sundagen. Utan nøling rydda kyrkja plass til at kollekten kunne gå til Centro Maya. På eit tidspunkt lurte Leticia og Ishi frå barneheimen på kvifor me var i kyrkja på fleire aktivitetar. Dei var ikkje spesielt kristne eller religiøse og spurde kvifor dei blei tatt imot så godt der. Det fekk meg til å tenkje kor flott det var å møte denne velvilja i kyrkjelyden i Aksdal. Det fortener ei stor takk.

Elles stor takk til alle som tok imot vitjinga den gongen og til elevane på FUS som har gjort livet litt betre for borna som har det vanskeleg i Guatemala. Takk óg til Lars Johannes Liknes, min gode kollega som skipa til konsert i Tysværtunet i samband med sin 40 -årsdag og som gav nærare 30 000 kroner til senteret. Ein takk og til far min som i fleire år gav løna si som eksamensvakt til Centro Maya og til alle andre som har støtta. Eg har sjølv sett at hjelpa kjem fram og kor takknemlege dei er.

Ståle Berge, Aksdal