Av Ingvild Rørtveit Myklebust
Både Geir Tangen og Agnes Matre kjem ut med nye bøker i vår, og har dei siste to åra vore dei mest leste forfattarane på Tysvær folkebibliotek. Dei har også oppnådd stor popularitet i resten av landet, og bøkene deira er omsett til fleire språk. Under bLEST Litteraturfest 11. november skal dei altså komme «Over dørstokken» til ekteparet Rolland på Apeland.
Dei siste to åra har Over dørstokken-arrangementa under bLEST vore svært populære, og fleire har vore utseld. I fjor besøkte 120 personar Espevik skule, for å høyre på Nina Lykke. 60 billettar blei seld ut, og arrangementet blei derfor sett opp ein gong til same dag. Også andre gongen selde dei alle billettane.
– Det er veldig kjekt å vidareføre arrangement som har vore ein så stor suksess, sa biblioteksjef ved Tysvær folkebibliotek Lillian Rushfeldt tidlegare i år då dei oppmoda folk til å søke om å få forfattarbesøk.
Dei siste to åra har det også vore Over dørstokken på Aursland i Våg, på Solbakken i Førresfjorden og i prestegarden på Nedstrand.
Glade i krim
Åse Berit Rolland fortel at ho såg annonsen om arrangementet, og spurte ektemannen Arnt Kåre om dei skulle melde si interesse for å invitere heim til seg i stova.
– Me var også med på Over dørstokken i fjor, då familien Losnegård var vertskap. Det inspirerte til å søkje, seier Rolland.
– Me bur i ein einebustad, godt og fint plassert i utkanten av heimegarden min på Apeland. Bror min, Geir bur på garden, fortel Åse Berit Rolland.
Ho fortel at ho og ektemannen er svært interesserte i ulike sjangrar for kultur, og i litteraturen er nok krim eit av høgdepunkta.
– Heilt frå eg var ung jente elska eg Agatha Christie, og kjøpte ein serie pocketbøker tidleg. Arnt Kåre starta kriminteressa frå tidleg barndom, med Hardy-bøkene.
Dei har også møtt Agnes Matre og Geir Tangen fleire gonger, på ulike bokbad.
– Bøkene deira har fenga oss, av ulike grunnar. Det er spennande å kjenne att stadene i bøkene, seier Åse Berit Rolland.
Ho fortel at dei også tenkte at arrangementet Over dørstokken kunne vere kjekt for familien, spesielt for dottera, Birte, som har vore, og framleis er ein ivrig skribent.
Ho vil også bidra på arrangementet, og les eigne dikt og tekstar.
– Her er det rom til mange, avsluttar Rolland.