Sissel Hansen Tysse synst det er positivt at talet på elevar som vel nynorsk og bokmål har jamna seg ut på skular i Tysvær. Foto: Ingvild R. Myklebust
Sissel Hansen Tysse synst det er positivt at talet på elevar som vel nynorsk og bokmål har jamna seg ut på skular i Tysvær. Foto: Ingvild R. Myklebust

Fleire vel nynorsk

Det blei heftig debatt om målform då svært få foreldre valte nynorsk for ungane sine i skulen. Nå har situasjonen snudd totalt.

I oktober 2016 skreiv Tysvær Bygdeblad om at ingen foreldre ved skulane Grinde og Tysværvåg valte nynorsk for ungane sine det skuleåret. Likevel ønskja politikarane å halde på nynorsken som hovudmål i skulen.

Etter ei lang evaluering føreslo dåverande rådmann Arvid S. Vallestad og skulesjef Eli Krokedal å endre hovudmålforma frå nynorsk til bokmål ved Grinde skule og Tysværvåg barne- og ungdomsskule frå hausten 2017. Dette var ikkje fleirtalet i levekårsutvalet samde i. Der kom AP, KrF, SP og FrP med eit fellesforslag om å ta omsyn til folkerøystinga som var tidlegare i 2016, og halde fast på nynorsken som hovudmål på skulane. Forslaget fekk også fleirtal i formannskapet.

I levekårsutvalet blei det tatt felles initiativ frå alle partia til å utarbeide rutiner som sikra felles informasjon til foreldre og føresette. På eit felles informasjonsmøte i Tysværtunet, der mellom anna Utdanningsdirektøren hos fylkesmannen  og representantar for språkopplæring var til stades, var både rettar, klassemiljø, pedagogikk og målform tema. Mange foreldre møtte opp, og fleire politikarar var også til stades. Målet var å komme fram til korleis ein kunne gi ut god informasjon til foreldra.

– Den enkelte skulekrins gav ut informasjon når det skulle veljast målform. Nokre foreldre ga utrykk for at informasjonen ikkje var balansert nok. Skulen har informasjonsplikt, og den har eg tillit til at dei held etter beste evne. Men lik informasjon kan vere ei utfordring når den blir gitt av forskjellige, seier Sissel Hansen Tysse i Høgre.

I møte i levekårsutvalet i førre veke etterspurte ho korleis nynorsk og bokmål er fordelt i skuleåret 2017/2018 og kva prognosane er for 2018/2019.

– Det handlar om å følgje opp eit vedtak som er gjort. Vedtaket hadde som mål å sjå om ein kunne legge til rette for begge målformane. Tala me fekk sjå var veldig gledelege. Dei var jamnare fordelt enn for nokre år sidan, seier Hansen Tysse.

Fleire nynorskelevar

Til saman på Førland, Grinde og Tysværvåg var det i skuleåret 2016/2017 berre ni elevar som hadde valt nynorsk, og 70 som hadde valt bokmål. For skuleåret 2017/2018 hadde 18 elevar valt nynorsk, og 38 bokmål.

Etter innskrivinga til skuleåret 2018/2019 har fleire valt nynorsk enn bokmål på dei tre skulane. 42 ønskjer nynorsk, og berre 26 bokmål.

– Hovudpoenget  var å sjå om ein kunne bruke utfordringane til å styrke både målform og ei jamnare fordeling av klassene. Nok og god informasjon er alltid ei utfordring. Det er derfor kjekt å sjå er at ein gjennom eit så enkelt vedtak som å halde eit informasjonsmøte kan sørge for å få gitt ut nok informasjon til foreldra, seier Hansen Tysse.

Ho meiner at det også var ei utfordring då ein hadde ei så ujamn fordeling mellom målformene.

– Ei ujamn klassefordeling er nok heller ikkje så bra for klassemiljøet. Jamne klassar, der læraren har ei gruppe der ein ser den enkelte eleven og kjem tettare på, er eit gode i all opplæring, også pedagogisk, trur eg.

– Det er viktig at me greier å gi det tilbodet som blir etterspurt på ein god måte, legg ho til.

Hansen Tysse er glad for at saka blei tatt opp, og at tala nå har jamna seg ut.

– Saka skapte uro, men også stort engasjement, i etterkant kan me vere glade for at utfordringa blei belyst. Og nå ser ein resultat, seier høgrepolitikaren.

Mållaget er nøgde

Tysvær Mållag engasjerte seg i saka for snart to år sidan. Nå er leiar i Tysvær Mållag, Synnøve Bredal Bjelland nøgd med at tala på val av målform har jamna seg ut.

– Me er svært glade for dette, seier ho. Mållaget engasjerte seg ved å skrive lesarinnlegg, utarbeide og distribuere ei eiga brosjyre til alle husstandar i valkrinsane, invitere til møte med politikarane og ha stands, seier Bredal Bjelland.

– Språket speler ei rolle i seg sjølv. Det handlar ikkje berre om klassestorleik, det handlar om demokrati, identitet, kulturarv og brei språkleg kompetanse. Om slike verdiar skal bli tatt vare på, må heile styringssystemet, altså politikarar og administrasjon, vere på bana, seier leiaren i mållaget.

Ho peikar på at ho ikkje ønskjer noko polarisering mellom nynorsk og bokmål, men gjensidig respekt.

– Begge målformer er komme for å bli, det er Stortinget tydeleg på. Ein må legge til rette for balansert opplæring og kunne glede seg over liv, variasjon og mangfald. Mållaget ønskjer i større grad å få fram korleis nynorsk er forankra i dialektane våre. Mindre strid, meir språkglede, seier leiaren i Tysvær Mållag.

Tala under blei lagt fram som orientering i levekårsutvalet sist veke.
Skulane under er Førland (FRL), Grinde (GRI) og Tysværvåg (TBU). TK er samla for desse tre skulane.

Tala under er laga for ein treårsperiode samla for kommunen på 1. trinn.