Tidlegare denne veka la Tore Kåstad ut ein video på Lokalfotballen i Rogaland si facebookside, og Speakers-HYDDNA Tore Kåstad si facebookside.
– Nå på torsdag kjem Skjold IL til Voll for å spele fotballkamp. I den anledning har eg tenkt å gjere eit lite stunt. For åtte-ni år sidan spelte eg fotball på juniorlaget til Voll. Me var på ei turnering i Haugesund, hadde spelt kamp og skulle heim. Så ser eg ein jumper som ligg på bakken, eg tok den opp, og tok den med i bagen min. Eg stal den, innrømmer Kåstad i videoinnlegget.
Nå har han brukt genseren i nesten ti år, det er blitt flekkar på den, og kona til Kåstad har brukt den til å måle i.
– Nå har eg altså komme til det, at eg må gjere opp for gamle synder og levere genseren tilbake. Så om du spelte på Skjold IL rundt 2010, og var nummer 17, så ønskjer eg å beklage og gi denne genseren tilbake til deg, seier Kåstad.
Han ønskjer å overrekke genseren på kampen torsdag denne veka.
– Har eigaren blitt mindre eller større? Ja det får me sjå på, seier Kåstad i videoinnlegget.
Eigaren dukka opp
Mange har likt og kommentert innlegget sidan det blei lagt ut på måndag, og det ser nå ut til at ein eigar har meldt seg.
– Hahaha, ja, det er min, kommenterer Jan Einar Frøland på facebookinnlegget.
Dette synst Tore Kåstad var fantastiske nyheiter, og har forhøyrt seg om Frøland kjem på kampen på torsdag. Det gjer han ikkje.
– Eg (og kona som har malt i genseren) utøser stor beklagelighet. Dette skal me ta meir opp på torsdag, og så blir genseren overlevert til dei rette hender, seier Kåstad.
– Og eigar kan berre sende faktura te Voll Idrettslag på 299,- om dei vil, seier Tore Kåstad.
Sjå videoen her: https://www.facebook.com/Speakershyddna/videos/144744433040920/UzpfSTIzMTAzOTQzNDI6MTAxNTY0MTYwNjgyMzQzNDM/