Skjermbilde 2018-04-30 kl. 14.09.36

Vellyd med noko attåt

Det er med store forventningar eg trykker på playknappen når Espen Eriksen og trioen gir ut nytt materiale.

Dei tre første albuma har vore heilt der opp og snusa på seksaren på terningen. Flotte jazzlåtar, med sterke melodiar og soloparti, har blitt eit kjennemerke.
I 2018 er dei der framleis. Kompet, som det på mange måtar blir denne gongen, sprudlar av musikalitet og kompetanse. Det er ingenting å utsette på det, det er samspel til tre gonger 20 i stil.
Av og til tar ein seg i at det kanskje er litt for straight og fint. Det litle som kunne løfta det heilt opp. Kanskje fordi ein har så store forventningar, eller kanskje det druknar litt i saksofonen til engelskmannen Andy Sheppard. Men me snakkar toppen av eliteserien her uansett.
For dette er på mange måtar Sheppard og Espen Eriksen Trio. Hans eminente saksofonspel passar som hand i hanske til trioen sin vellyd. Samtidig blir det annleis. Der ein tidlegare kunne lukke auga og nyte kvar ein tone frå trioen, er det nå eit solistinstrument som styrer det meste.
Det fungerer, og det er nytt og tidvis svært fengande. Låtar som «1974» og «Suburban Folk Song» festar seg raskt. Ein finn soloparti som ein bare må kjøre på nytt. Ein fekk ei utvikling i bandet, men mest av alt finn ein Sheppard sin tenorsaksofon.
Etter 11 år som trio, og tre kritikarroste plater er det heilt innafor å prøve noko nytt. Espen Eriksen sine melodiøse låtar har me skrive før at tåler godt ein solist. Enten på gitar eller saksofon. For nye lytterar vil dette vere tett opp mot det perfekte. Først og fremst på grunn av Eriksen sin sterke låtar, men også fordi samspelet verkar så ekte og perfekt. Lars Tormod Jenset sitt drivande og detaljerte basspel, Bye sin sveipande og varierte bruk av alt som kan slåast på, gjer det til ein lytteleik. Og så har ein Eriksen sjølv. Vandrande og lekande på sitt piano. Som ein mjuk og stødig duellant til Sheppard.
Nei, folkens. Det er bare å finne fram godstolen og nyte. Tysvær sin store son innan norsk jazz har levert igjen, saman med ein av verdas mest kjende saksofonistar. Det er faktisk lov å vere stolt av «Perfectly Unhappy».

Alf-Einar Kvalavåg

https://soundcloud.com/rune-grammofon/espen-eriksen-trio-with-andy-sheppard-1974

Platemelding

Espen Eriksen Trio
with Andy Sheppard
«Perfectly Unhappy»

Andy Sheppard – tenorsaksofon
Espen Eriksen – piano
Lars Tormod Jenset –bass
Andreas Bye – trommer

Låter: Above The Horizon, 1974, Perfectly Unhappy, Indian Summer, Suburban Folk Song, Naked Trees, Revisited, Home

Rune grammofon
Mai 2018