Berge Ohm (t.v.) var aleine på scena sist han spelte til lunsj. I morgon har han med broren Olav (t.h.) Her frå Midtsommar-konserten i fjor.
Foto: Mona Terjesen
Berge Ohm (t.v.) var aleine på scena sist han spelte til lunsj. I morgon har han med broren Olav (t.h.) Her frå Midtsommar-konserten i fjor.

GRATIS LUNSJKONSERT: «Feelgood» frå brørne Ohm

I dag klokka 11.30 er det klart for ein ny lunsjkonsert i Tysværtunet. Denne gongen blir det herleg sommarmusikk med brørne Berge og Olav Ohm. Det er berre å glede seg.

Det har vore ei veke med ein viss smak av sommar. Då passar det godt med eit par flotte poplåtar servert av Berge på vokal og gitar, og broren Olav på piano og vokal.
– Dette skal bli skikkeleg kjekt. Me har laga eit knippe nye songar, som me vil presentere, i tillegg til eit par av det me har på lur frå tidlegare. Litt vanskeleg å plassere dei i nokon bås, men eg tenker «feelgood» er eit bra namn på det me speler. Eller kanskje «easy listening». Folk får dømme sjølve, seier Berge Ohm.

Opp og ned
Det er snart to år sidan Berge sto på scena aleine og hadde lunsjkonsert. Responsen etter den konserten var så god at me var raske med å booke han inn for ein ny.
– Det var ein periode me hadde ein del konsertar, og spelte mykje ute blant folk. Men det går litt opp og ned. Me var med på utekonserten i Aksdal i fjor under Midtsommarfesten, og me har spelt litt rundt omkring. Me to møter kvarandre og speler saman eit par kveldar i veka, og tar gjerne på oss spelejobbar når dei dukkar opp. Så for oss er lunsjkonserten heilt perfekt, seier Berge Ohm.
– Kva tenkjer du om å satse meir på musikk?
– Nå har eg spelt og hatt konsertar i mange år allereie. Eg var med i ein del konkurransar, og hadde det veldig hektisk ein periode. Nå veit eg ikkje heilt. Kanskje er eg min største fiende når det gjeld å komme meg ut. Etter at me begynte å skrive nye låtar har me jobba litt med ein produsent, så kanskje me klarer å få gitt ut noko om ei stund. Det er tidkrevjande å satse på musikk er, og eg veit ikkje om eg er heilt der, seier Berge Ohm.
Men lyst har Berge, og det er mange der ute som håper at han ein dag tar steget ut og får gitt ut musikken på plate.

Kjærleik
Når duoen speler for oss i foajeen i Tysværtunet i morgon blir det eigenkomponert musikk.
– Om kva?
– Det blir vel om kærleik det då, som vanleg, ler Ohm.
– Sjølvsagt…
– Når eg komponerer så lagar eg melodiane først. Jobbar lenge med dei, før eg begynner å tenke på teksten. Det har ofte blitt kjærleik som tema, noko som passer til musikkstilen også, syns eg. Det skal vere ein slik type musikk at ein kan slappe litt av, og berre sitte og lytte. Det er det mange som likar merkar me.
– Sei litt om broderen då?
– Tja, kva skal eg seie om han? Han er nokså lik meg på mange måtar. Går på toppidrettsgymnaset, og speler fotball i Vard. Det blir mykje fotball og musikk, og heldigvis har me mykje same smak når det gjeld musikken.
– Kan me forvente oss ein skikkeleig fotballsong?
– Ein dag så kanskje. Me har snakka litt om det i Skjold, men eg veit ikkje heilt kva dei tenker. Fotballsongar er skikkeleg bra, og det hadde vore stas og fått lage ein slik, seier Berge Ohm.
Nå øver dei to brørne på ein halvtimes lunsjkonsert, som sjølvsagt er heilt gratis for deg.

Snart sommar
Lunsjkonsertane tar ikkje sommarferie før 15. juni. Då kjem «One woman band» og Maria Jacobsen og syng for oss. Det er same helga som Midtsommarfesten startar med mellom anna ein «Tett på konsert» med Ingvar Frøyland, og stor sommarkonsert ute på Hertervigsplass.
Lunsjkonsertane i Tysværtunet har vore ein stor suksess, og er eit samarbeid mellom Tysværtunet kulturhus og Tysvær Bygdeblad. Konsertstart er alltid 11.30.