– Eg merka med ein gong at «dette blir eit bra løp». Eg hadde full kontroll heile vegen, opna ikkje for hardt og kjente at eg er i god form. Då det var 250 meter igjen så visste eg at det ville halde heilt inn og at eg hadde sigeren i boks, fortel Elise etter løpet laurdag ettermiddag.
Viktig prestasjon
Stemnet i helga samlar alle flattvannsklubbane i Norge, og markerer opninga av den nasjonale konkurransesesongen.
Frå arrangørklubben stiller 24 utøvarar, og det er totalt meldt på ca 140 utøvarar. Over 100 løp blir arrangert.
I Ungdomsklassane stiller TKKK med fleire sterke utøvarar. Sander Askeland, Nicolai, Lønning, Marius Alne, Karl Kristian Kyvik og Leander Helgesen er alle ute etter å kvalifisere seg til ungdomslandslaget, som skal delta under Nordisk Meisterskap første helga i august. Stemnet denne helga er det første av tre uttakingsstemner.
I 14 og 12-årsklassen stiller TKKK også med fleire utøvarar, så det er lokale padlarar representert i dei aller fleste løpa.
Og ein av dei sterkaste utøvarane frå TKKK er Elise Erland. Norgescupen i helga er eit viktig stemne for Elise, då ho får vist at ho er god nok til å bli tatt ut til junior-EM i Italia i slutten av juni. Og 17-åringen fekk altså vist seg frå si beste side i dag.
– Dette er noko av det største eg har opplevd så langt i karrieren. Eg trener 7-9 økter på 1-2 timar i veka, og har ambisjonar om å nå lengst mogleg. Eg skal klare å hevde meg i norgestoppen, også til neste år når eg blir senior, så får me sjå på sikt, om eg også klarer noko internasjonalt, seier Elise.
Lærling til neste år
Elise Erland blir altså senior til neste år. Ho ser fram til å få nye konkurrentar og ser for seg at det vil bli hardare å hevde seg, men er klar for konkurransen.
– Eg har lengre treningsøkter no enn før, og det får eg igjen for. Men det blir spennande å sjå korleis eg får det til neste år. Då byrjar eg i lære på Kårstø som elektrikar og det blir nok litt meir utfordrande å få tid til all treninga. Men det skal gå det også. Eg har mål og ambisjonar om nå lengst mogleg.
– Korleis skal du feire gullet i kveld?
– Det blir mykje god mat og avslapping, men så må eg gjere meg klar for morgondagen, då ventar fleire løp, og det gjeld å vere skjerpa og klar, avsluttar ein nøgd Elise Erland.
Tysvær Bygdeblad følgjer Norgescupen vidare denne helga, og kjem etter kvart med oppdateringar.