Ja, me elskar

Vel overstått 17. mai. Det er ei glede for oss å få komme ut dagen der på med bilete frå feiringa til alle våre lesarar.

For det er mykje glede knytt til nasjonaldagen vår. Me har god grunn til å vere stolte. Over måten me feirar på, og den respekten me viser for kvarandre.
Det er korpsmusikk frå morgon til kveld. Ungar i finstas med flagg og smil. Vaksne som fotograferer, og stiller til dugnad på skulen. Det er program for liten og stor. Me har funne vår stil, og den skal me støtte opp om.
Likevel ulmar det i kulissane. Frå nasjonalistiske miljø som meiner me må halde betre grep om «dagen» vår, og ikkje opne for våre nye landsmenn. I riksdekkande aviser har det vore debatt om flaggbruk og inkludering. Om kven som har rett til å feire 17. mai, og korleis. Talarar har trekt seg, komitéleiarar det same. Debatten på fleire nettstadar har vore kraftfull og skremmande. På ei Facebook-side sto det «Hald Noreg reint, det er 17. mai». Det var lite som blei lagt mellom kva det var for ei haldning dei fleire tusen som var innom og kommenterte hadde. Fleire andre sider hadde same bodskap. Nokre av dei blei fjerna, for så å poppe opp igjen. Me er eit delt folk, all glamouren rundt 17. mai til tross.
Kva signal gir denne debatten våre ungar og barnebarn. Når dei ungane og ungdommane dei leikar, og heng med til vanleg, plutseleg ikkje er gode nok nordmenn når me feirar «dagen» vår. Kva holdningar er det me sender ut?
Eg har alltid tenkt at me nordmenn er så store på det at me inkluderer alle dei som kjem til oss. Sjølvsagt er det mange som meiner at dei skal følge våre reglar og krav. Men me inkluderer dei samstundes, som me stiller desse krava. Dette gjer at me skapar ei forståing på tvers av folkeslag og land. Og eg trur me nordmenn har ei meining om at me er tolerante.
Så viser det seg år etter år, at når flagget skal fram og «Ja, vi elsker» skal syngast i bygd og by, så er me kanskje ikkje det likevel. Ikkje alle under ein kam her, men dessverre for mange.

17. mai er også ein dag for samhald i bygdene våre. Folk kjem heim for å feire. Naboar treffast i skulegarden over ei pølse i brød og to.

Eg håper at alle tysværbuar både heime, og der ute i verda, har hatt ein fin nasjonaldag. Sjekke bileta lengre bak i avisa. Kanskje er du ein av dei me har «fanga» med kamera i går.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør