Dyrare og dårlegare ferjesamband i Ryfylke

Fylkesrådmann Tron Nerdal og samferdselssjef Gottfried Heinzerling har sent ut sakspapirene for sak 18/4672 «Anbud-Finnøy Ferjesamband» til møtet i samferdselsutvalget den 30. mai.

Av to dårlege ruteforslag, ber dei om politikerane si velsigning til det som er ringast for Nedstrand, Hebnes, Foldøy og Jelsa. Det er ferjeruta Fogn/Judaberg-Nedstrand/Jelsa som er på sakskartet, og for å stetta dei som har mest, vil dei rasera ruta i den nordre delen av sambandet. Brua over Sandsfjorden, som gjorde at ferjeruta Sand-Ropeid kunne leggast ned, blir brukt som argument for å legga ned anløpa av Nedstrand og Jelsa. Ein kan lura på om dei ikkje har kart over fylket i kontorene til fylkesadministrasjonen?
På dei 16 turane dei to ferjene i dag har internt i Finnøy, er dekket 30% fullt, medan det er 70% fullt på dei to turane i den nordre delen av sambandet, ifølge trafikkstatistikken for 2017.
I dag går ferjene omtrent i ring rundt seg sjøl i Finnøy, og i framlegget fra Nerdal og Heizerling skal dei halda fram med dette ineffektive og ressursøydane opplegget, om dei får viljen sin. Den nordre delen av ruta skal dekkas inn med ein lasteførande katamaran, «Lysefjord», som er ubrukeleg både maritimt og kapasitetsmessig, eller ei lita ferje, til eit ruteopplegg som ingen er tjent med. Hensikten her er å gjera rutene så dårlege at folk ikkje kan nytta dei, og då kan ein legga ned ennå meir av rute som ida fungerer som limet i Ryfylke.
For å få til dette skal ein altså inn med ein tredje båt, og halda fram med eit forelda og ineffektivt ruteopplegg. Kan Rogaland fylke forsvara nedlegging med slik unødvendig ressursbruk? Resultatet er eit dårlegare og dyrare ferjesamband.
Kvifor skal Finnøy, og Sjernarøyane spesielt, stengas av mot nordfylket?
Me foreslo for to år sidan, og har gjort det nå igjen, å modernisera rutene internt i Finnøy. I staden for å gå i ring, innom kvar plassen på omtrent kvar bidige tur, er vårt opplegg direkte ruter mellom Judaberg og Helgøy/Nord-Hidle, Judaberg og Halsnøy/Eidssund, og Judaberg og Fogn. Ein kan då auka talet på rundturar på dei ca 19 timane ferjene går i dag , fra 16 turar til 26, altså ein kapasitetsauke på meir enn 60%, utan at ein treng å rasera rutene, og utan at ein treng ei tredje ferje, og utan meir kostnad enn det ein har i dag. På desse direkteturane er dekket «reint», ein slepp omstuing og «kaballegging» for å få med seg bilar mellom dei ymse plassane, ein fort kort og godt: meir effektive ruter, fleire avgangar, kortare reisetid, betre ressursutnytting, og eit kostnadseffektivt opplegg.
Alle øyane får betre ruter og sterkt utvida kapasitet, den nordre delen av ruta kan halda fram som i dag, og det vert billegare og betre enn det som fylkesrådmann og samferdselssjefen vil ha politikerane med på.
Fylkespolitikerane generelt, og spesielt dei i samferdselsutvalet, med leiar Arne Bergsvåg i spissen, bes om å avvisa framlegget dei har fått, og så kreva saka utreda på nytt, der ein tar omsyn til det som gagnar heile Ryfylke og Rogaland. I saksframlegget er den økonomiske delen heilt fraverande, berre det må vera grunn god nok for å avvisa opplegget.

Anders M. Andersen
og Ivar Andersen
Nedstrand