Jonas Risanger spelte ein god kamp mot Sandnes Ulf 2. Nå ventar Randaberg.
Arkivfoto: Alf-Einar Kvalavåg
Jonas Risanger scoret mot Hana i kveld.

Ny tøff kamp

Skjold fekk med seg eit poeng mot Sandnes Ulf 2. Nå ventar ein vanskeleg bortekamp.

I kveld ventar ei ny tøff oppgåve for Skjold. Randaberg har komme godt i gang, sjølv om det blei tap mot Voll denne veka.
– Nå er det vanskeleg å seie noko om den kampen på førehand. Men det er eit godt lag. Me har faktisk prestert betre borte enn heime i år, så eg trur det er ein open kamp, der me kan vere med og prege kampen. Alle mann er klar til innsats, om ein ser bort frå nokre småskader og ein som er på jobb. Uansett er det meir enn nok å velje i, seier trenaren.

Russ
Nå er også russetida over og det betyr at fleire av spelerane har lagt vekk russedressen for godt, og har fokus på trening og kamp.
– Det betyr at eg kan velje fritt korleis eg vil sette opp laget. Der har eg ein jobb å gjere med å finne dei som til ei kvar tid er i best form. Halvor Hansen skal ikkje spele denne gongen og det betyr sannsynlegvis at Jonas Risanger får sjansen, og at eg flyttar Daniel Aarås framover på banen. Men nå er det berre tysdag når eg snakkar med avisa, så mykje kan skje til me skal spele, seier Hegrenes.
Miks
Randaberg er ein fin miks av ungt og gamalt. Kjell Håland er det ein del i Skjold som hugsar. Erik Nevland er eit godt fotballnamn, som av og til kjem inn som ein joker. Det kan bli jamt og spennande på Randaberg, ein kamp Skjold så absolutt kan vinne.

Skjold sin tropp (18 spillere):
Ajdin Brakic
Berge Ohm
Daniel Aarås
Håkon Bådsvik
Håvard Hovland
Jomar Skrunes
Jonas Risanger
Jonas Staurland
Jonas Wergeland
Marco Passera
Mats Steinsland
Morten Bådsvik
Oddbjørn Halvorsen
Petter Haraldseid
Roald Berge
Sander Hettervik
Tollak Gismarvik
Vegard Steinsland