Herleg når alt er forbudt

Er det ikkje herleg når kommunen legg ut forbod mot grill og vatning? Er det ikkje bra når legar og helsepersonell oppfordrar folk til å drikke, og trekke inn i skuggen?

Då veit du at det er sommar på Haugalandet.
Dei aller fleste av oss klarer seg fint utan grillen eit par dagar. På hamna i Førre var det kø av bilar til båtfolket som kosa seg på fjorden heile helga. I Dragavika, og på andre strender var det reine Syden-stemninga, og folk smurde på bleike leggar, og raude ryggar med faktor 20.
For mange er dette helsebot og heilt avgjerande for å hente inn krefter etter ein lang og våt, vinter og vår. Me som bur i Tysvær er heldige, for her er det lagt opp til at me kan vere ute, og ha gode opplevingar når eit høgtrykk av og til legg seg godt til rette. Me treng ikkje mange sjansane før me er ute i friluft.
Bading og båtliv er på mange måtar eit kjenneteikn på ein lykkeleg tysværbu. Båthamner, turmål og god informasjon om korleis ein kan få maksimalt ut av sommaren, er av beste merke her hos oss. Friluftsrådet Vest gjer ein kjempejobb, det same gjer kommunen og lokale lag- og båtforeiningar. Då er det kjekt å vere observatør å sjå at folk nyttar seg av dette tilbodet.
Denne veka serverer me eit eige «Sommarmagasin» der båtliv og sommar sjølvsagt er tema. Me har også tatt turen til turmålet Borgøy og møtt dei som nyt livet der. Så kos deg med noko kaldt å drikke, og vårt magasin.
Samstundes er det viktig at ein lyttar til dei råda me spøka litt med i starten av denne leiaren. Brann er ikkje noko ein skal flire av, uansett kva ein meiner om grillforbodet, som nå er. Respekt skaper respekt også mellom det offentlege, og oss innbyggarar. Og når ein ser bilder frå Ombo eller andre stader kor flammane nå herjar fritt, skjønar ein at Tysvær også er eit potensiale for flammane sitt rov.
Ein av verstingane heiter eingongsgrill. Eigentleg er det søppel heile greiene og burde vore forbode heile året. Nå bør dei i alle fall fjernast frå butikken.
Så vekas oppfordring frå oss til alle butikkeigarar i Tysvær er å gjømme desse til tørken har gitt seg. Det kan umuleg vare lenge, for dette vêret kjem me garantert til å få svi for. Berre tanken på kva vêr det blir på St. Hans er nok til å grøsse.
Men til så lenge. Kos deg i sola, vis omsyn, og nyt tilboda som er i sommarvakre Tysvær.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør