Det skal svært lite til før det tar fyr i marka. Nå er det totalforbode mot open eld i Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Det skal svært lite til før det tar fyr i marka. Nå er det totalforbode mot open eld i Tysvær. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Nå er «alt» forbudt

Det regna nokre få dråper tysdag kveld, men det er langt frå nok. No er det så stor skogbrannfare, at stort sett all bruk av open eld er forbudt.

Ein brann på Sunnmøre starta etter bruk av en vinkelslipar. Sigarettar og eingongsgrillar har også starta brannar den siste veka.
Onsdag sendte Tysvær kommune ut varsel både på heimesida og via SMS, og gjorde det heilt klart at all bruk av eld er forbudt.
For dei som likar å grille betyr det full stopp, også frå eigen terrasse og eigedom.
– Det einaste som no ikkje står på lista er gassgrill i eigen hage, eller så lenge den ikkje står ute i naturen. Alt anna er potensielle brannstifterar slik vêret er no. Me ber sterkt om at folk respekterer dette, seier den erfarne brannmannen Oddvar Susort i Tysvær Brannvesen.
Til no ser det ut til at folk i Tysvær har følgt oppfordringa, som no er eit pålegg.
– Me har ein jobb å gjere med å få ut informasjon om kor tørt det er akkurat no. Så denne veka har me fokus på dei som kanskje ikkje bruker norske nettstadar som si informasjonskjelde. Me er også tydelege i informasjonen, slik at det ikkje skal vere tvil. Det enklaste å halde seg til er at alt er forbudt. Da slepp ein å diskutere, seier Susort.

Meldinga
Her er meldinga frå Tysvær kommune:
«Forbodet er gitt med bakgrunn i stor fare for gras- og lyngbrann grunna ei lengre periode utan nedbør. Forbodet er gjeldande for heile kommunen og gjeld inntil det blir oppheva.
Ikkje lov:
– Det er ikkje lov å tenne opp små kaffebål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.
– Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål nære skog og mark
Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsona.
– Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane.
– Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak.
Forsvarleg grilling under oppsyn i eigen hage er lov.
– Det er meldt fint vêr ei god stund framover. Ein ønsker ikkje å legge nokon dempar på gleda over den tidlege sommaren, men me tar ingen sjansar når det er så tørt ute som det er nå. Brannsjefen har derfor innført totalforbod mot å gjere opp eld utomhus. Me håper ein kan nyte kald turmat fram til skogbrannfaren er over.