Irene Stuhaug håper folk vil ta ein kik heime om dei har liggande Tysvær Bygdeblad frå 1999, 2000 eller 2003.
Foto: Ingvild R. Myklebust
Irene Stuhaug håper folk vil ta ein kik heime om dei har liggande Tysvær Bygdeblad frå 1999, 2000 eller 2003.

Etterlyser gamle aviser

Tysvær Bygdeblad sine utgåver frå starten i 1975 skal digitaliserast, no jaktar me på gamle aviser.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust
Me manglar ein del utgåver frå 1999, 2000 og 2003, og vender oss nå til lesarane. Har du liggande gamle Bygdeblad på loftet eller i kjellaren? Målet med å digitalisere avisa er at alle utgåver frå avisa blei starta i 1975 skal bli søkbare i nettavisa.
– Dette vil vere tilgjengeleg for alle våre abonnentar, og ein vil kunne søke på både namn og stadar for å finne gamle avisoppslag, forklarer dagleg leiar i Tysvær Bygdeblad, Irene Stuhaug.
Ho håper at digitaliseringa vil vere ferdig i løpet av 2018.
– Ved å få alle utgåvene av Tysvær Bygdeblad på nettet tar me vare på historia. Dette er også noko me gjerne vil tilby våre abonnentar, seier Stuhaug.
Det er til nå gjort ein jobb med å få tak i alle utgåvene av avisa, men me manglar ein del aviser frå 1999, 2000 og 2003.
– Dersom du har aviser frå desse åra liggande, vil me gjerne høyre frå deg, seier dagleg leiar i Tysvær Bygdeblad.
Kjem ein over avisene, ring Tysvær Bygdeblad eller send e-post til [email protected]. Hugs å oppgi kva utgåver av avisa du har.
Det er bedrifta Zissor Digitaliseringstjenester som skal gjere jobben med å digitalisere Tysvær Bygdeblad. Dei har over 20 års erfaring på området, og har mellom anna digitalisert Hamar Arbeiderblad, Agderposten, Teknisk ukeblad, Kvinnheringen og Suldalsposten.

Bruk denne adressa: [email protected]