Erik Kværnmo frå Telia, plansjef Linda Christine Olsen og ordførar Sigmund Lier er glade for at ny mobilmast på Solbergnuten er på plass. Foto: Ingvild R. Myklebust
Erik Kværnmo frå Telia, plansjef Linda Christine Olsen og ordførar Sigmund Lier er glade for at ny mobilmast på Solbergnuten er på plass. Foto: Ingvild R. Myklebust

Ny mobilmast sikrar dekning på Sandbekken og i Heskjadalen

Området Heskjadalen og Sandbekken har hatt svært dårleg mobildekning. Nå er ny mobilmast på plass, som sikrar tryggleiken til både dei som bur i og besøker området.

Masta står på Solbergnuten, og er over 30 meter høg, og har vore oppe og gått sidan 18. mai.
Kommunen hadde ute anbod om å sette opp masta, og Telia vann dette.

– Å få betre dekning i dette området har vore viktig for kommunen i lang tid. Sandbekken er ein stad som blir brukt av mange, og det har vore ei beredskapsutfordring der når dekninga har vore dårleg, seier ordførar i Tysvær, Sigmund Lier, som er svært glad for at masta nå er på plass.

Betrar tryggleiken

Sandbekken og Heskjadalen er ikkje dei einaste stadene i Tysvær det er dårleg dekning.

Plansjef Linda Christine Olsen fortel at det er laga ein plan over stader i kommunen det bør komme betre dekning, og at Sandbekken var først på denne lista då det er ein stad som blir mykje brukt av familiar og barn, samstundes som det er mykje hytter i området.

Den nye mobilmasta på Solbergnuten er eit samarbeid mellom Tysvær kommune og Telia, der begge betaler.

– Den nye mobilmasta betyr betre tryggleik for barnehagebarna, skulebarna, eldre og andre.

Det betrar også tilbodet for tilbodet og tryggleiken for dei som bur og driv næring i området, meiner plansjefen.

Slik ser mobilmasta ut. Foto: Telia

Godt samarbeid

Masta er komme på plass raskt, noko både prosjektleiar Erik Kværnmo og Linda Olsen er fornøgde med.

– Me starta ein dialog på seinsommaren 2017, og 18. mai i år var det dekning. Dette er veldig raskt. Me opplever Tysvær som ein effektiv kommune, og samarbeidet har vore godt, seier Erik Kværnmo i Telia.

Han fortel at masta har 4G ++, som vil seie at det svært mange kan vere kopla på nettet utan at det påverkar hastigheita på nettet.

– Masta er slik at ein også kan sette på meir hastigheit om ein vil etter kvart, forklarer Kværnmo.

Han fortel at Telia også har planar om fleire nye master i området. Dette gjeld mellom anna Gismarvik havn, og i T-forbindelsen der det stadvis er dårleg dekning i dag.
Akkurat når dette skjer, kan ikkje Kværnmo førebels svare på.