Familien samla seg rundt terrassen på Tordal for å høyre Helene, Magne og Margith fortelje.
Familien samla seg rundt terrassen på Tordal for å høyre Helene, Magne og Margith fortelje.

120 koste seg på slektstreff

Laurdag var 120 av Emma og Martin Skogland sine etterkommarar samla på slektstreff på Sandbekken.

Emma og Martin budde på Tordal, og hadde heile 11 barn, som igjen fekk 45 barn. I dag består familien av omlag 250 medlemmar. 120 av desse var samla på laurdag, på Sandbekken.

På ettermiddagen tok dei også turen til Tordal for å sjå på garden som var i Emma og Martin si eige til 1964.

Elin og Tove er døtrene til Magne. Elly og Helene er tantene deira. Her slår dei av ein prat utanfor gamleheimen på Tordal.
Foto: Mona Terjesen

– Det er stort å få sjå barndomsheimen vår. Her hadde me ein flott barndom med mange gode minne. Det er flott å sjå kor fint dei har pussa opp her, seier eldstedotter Helene (87) rørt .

Ho og ni av søskena, samt foreldra flytta til – og blei verande i Sandnes. Berre éin bror, Magne Skogland blei verande i Tysvær.

– Mange av oss har hytte i området i dag. Det er flott å få treffe så mange frå familien. Det er 19 år sidan sist slektstreff, fortel Oddny, dotter til Olav – son av Emma og Martin og Helene sin bror.

Helene, Magne og søstera Margith nytta høvet til å dele frå barndommen sin på Tordal med alle dei frammøtte.

Les om deira opplevingar og sjå fleire bilde i papirutgåva på torsdag.