Maria Jacobsen har drive med musikk heile livet.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Maria Jacobsen har drive med musikk heile livet.

Lunsjkonsert: Drar fram kjenningar

Maria Jacobsen lovar at både eldre og unge skal kjenne igjen songar når ho held lunsjkonsert under Midtsommarfest.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust
Jacobsen har reist rundt med musikken sin sidan 2010, og syng også i Tysvær Blandakor. Solisten syng i alt frå bryllaup til hagefestar og 40-årsdagar, og har eit variert repertoar.
– Kva eg syng kjem litt an på publikum. Når eg skal halde lunsjkonsert vil eg framføre noko både gamle og unge har høyrt før, og som går igjen og folk liker godt, seier ho.

Travel tid
Maria Jacobsen har drive med musikk heile livet, og synst det ho driv med er veldig kjekt.
– Då eg var liten gjekk eg ikkje i barnehage, men hadde fleire venninner som gjorde det. Dei kom heim frå barnehagen og fortalte at dei hadde lært seg nye songar. Då begynte eg også å finne på mine eigne songar, og sa at «nå har eg også lært ein ny song» til dei, fortel songaren.
Ho har skrive fleire songar sjølv, og har ein sambuar som er musikar som lagar musikk til tekstane. Dei to speler og syng ein del i lag også.
For åtte år sidan begynte Jacobsen å synge på ymse tilstellingar, og sidan då har det berre balla på seg.
– I 2010 begynte min store trubadurkarriere, seier ho lattermildt og legg til:
– Eg har vore både nært og fjernt for å synge, men aller mest er det på Haugalandet og litt på sørsida av Boknafjorden eg har oppdrag.
For eit par år sidan var ho også i England for å synge i eit bryllaup.
I desse tider er det travelt, og når me snakkar med Maria Jacobsen har ho akkurat sunge på ein sommarfest på Nedstrand, og skal opptre i ein 40-årsdag helga etter.
– Det har vore ein rolig vinter, med ei hard oppvakning nå på våren, men det er kjekt, seier artisten som gler seg til å dele songar med publikum på lunsjkonsert.

Gratis lunsjkonsert

Lunsjkonsert
Tysværtunet
Maria Jacobsen
15. juni 11.30
Gratis