Jesper Jenset er ein populær kar for tida, og musikken hans er streama fleire titals millionar gonger på Spotify. 
Foto. Privat
Jesper Jenset er ein populær kar for tida, og musikken hans er streama fleire titals millionar gonger på Spotify.

Stjerneskotet Jesper Jenset er klar for utekonsert i Aksdal

Jesper Jenset er blitt eit kjend namn dei siste åra. Under Midtsommarfest kjem den 20 år gamle songaren og låtskrivaren til Tysvær, og held konsert på utescena i Aksdal.

Av Ingvild Rørtveit Myklebust
Med over 30 millionar streams på Spotify, er Jenset på veg til å utvikle seg til ein av Norges mest spennande artistar i 2018. Nyleg slapp han mini-albumet «Waves vol.1», med mellom anna låta «FOR LOVE.».
Jenset synst det er kjekt å toppe plakaten for årets Midtsommarfest, og ser fram til å halde konsert i Tysvær.
– Det synst eg er utruleg kult. Eg gler meg til å møte alle saman, seier han.

Blir inspirert av nye stader
Jesper Jenset er frå Molde, og blei kanskje for alvor kjent då han deltok i Idol. Den unge artisten har alltid vore glad i musikk.
– Eg har vore interessert i musikk frå eg var liten. Eg begynte å lære meg å spele gitar då eg var 7 år, og med det kom også synginga, fortel han.
– Korleis var det å vere med på Idol?
– Det var veldig kult men samtidig travelt og slitsomt til tider. Når eg ser tilbake på det, så lærte eg veldig mykje og eg trefte folk som eg framleis samarbeider med, seier Jesper Jenset.
Når Jenset skal skrive og produsere musikk, har han gjerne mange rundt seg i prosessen.
– Eg skriv musikk over alt. Får eg ein idé, så speler eg det inn på telefonen eller skriv det ned. Det begynner ofte med at eg lagar ei skisse heime, for så å ta det med til produsentane i studio. Ofte begynner me også frå scratch i session. Eg likar å skrive med ein co-writer og ein produsent. Det kan ikkje vere for mange i rommet, seier han.
– Er det noko spesielt som inspirerer deg?
– Det er mykje forskjellig som kan inspirere meg. Somme dagar vaknar ein berre opp inspirert utan å vite kvifor. Eg får også lyst til å vere kreativ når eg treff nye folk og høyrer forskjellige historier. Det er også veldig inspirerande å vere på ein ny plass fordi omgivnadane kan gi deg andre inntrykk.
– Kven er forbilda dine?
– Når det kjem til musikk, så ligg Michael Jackson, John Mayer og Bruno Mars øvst på lista, seier artisten.

Ny og kjend musikk
Med seg til Tysvær har Jesper Jenset fullt band.
– Eg har med meg Edvard Helvig på keys, Daniel Gundersen på trommer og Andreas Fammé på bass. Eg kjente ingen av dei før eg flytta til Oslo, og då eg var på leit etter musikarar så dukka dei opp. Dei er fantastiske, og eg ser opp til dei. Me har blitt gode vener, og eg føler meg veldig heldig som får spele med så flinke musikarar. Dei gjer konsertopplevinga mykje betre for både meg og publikum, seier Jenset.
– Kan du seie noko om kva publikum får høyre når du held konsert i Tysvær?
– I tillegg til dei låtane nokre kanskje kjenner frå før, får dei høyre ny musikk. Waves vol.1 er den første delen av albumet mitt som eg har jobba på dei siste to åra. Eg gler meg til å vise Tysvær-publikumet noko eg er veldig stolt av, seier artisten.
– Har du sjølv nokre minne frå sommarkonsertar?
– Eg har mange fine minne frå Jazzfestivalen i heimbyen min Molde. Eg er fan av Diderre, og ein gong då eg var liten fekk eg komme inn og høyre lydprøven før dei skulle spele, og det var skikkeleg «good feeling», fortel Jesper Jenset.

Lokale artistar varmar opp
Før Jesper Jenset går på scena, får du også med deg anna musikalsk snadder. Først ut er 16 år gamle Sebby Mikkelsen, som er ein lovande songar, gitarist og låtskrivar frå Tysværvåg. Han representerte nyleg Tysvær under UKM-fylkesmønstringa. På same mønstring deltok også konferansier Mona Al-Hilal frå Grinde. 17-åringen skal også i år binde saman årets utekonsert.
Før Jenset kjem på utescena, får du også sjå og høyre Anderas Petterson og hans Lausongan.
Songar, gitarist og låtskrivar Petersson er opphaveleg frå Egersund, men har budd fleire år i nordfylket og er lærar på Frakkagjerd ungdomsskole. I 2015 slapp han og bandet ut det kritikarroste albumet «Brevkurs». Den unge, lokale songaren Jeanett-Elise Naley frå Frakkagjerd er med som gjesteartist.

Utekonsert

Gratis utekonsert
Laurdag 16. 13.00 – 14.30 i Aksdal
Lars Hertvigsplass (gratis)
Jesper Jenset
Andreas Petersson & Lausongane
m/Jeanett-Elise Naley
Sebby Mikkelsen
Konferansier: Mona Al-Hilal