Harald Paulsen og Knut Harald Nesse skal spele gitar og trekkspel på songkvelden. Dei gler seg, og håper at det blir ei flott oppleving å vere i hagen til Sigrid. Synnøve Bredal Bjelland og Sigrid Skeiseide ønskjer alle som vil velkommen til ein kveld i eventyrhagen. Foto: Ingvild R. Myklebust
Harald Paulsen og Knut Harald Nesse skal spele gitar og trekkspel på songkvelden. Dei gler seg, og håper at det blir ei flott oppleving å vere i hagen til Sigrid. Synnøve Bredal Bjelland og Sigrid Skeiseide ønskjer alle som vil velkommen til ein kveld i eventyrhagen. Foto: Ingvild R. Myklebust

Syng deg inn i sommarnatta

Blomekrans i håret, ei hulder som viser fram naturhagen sin, trollsuppe og bålkaffi. Alt dette kombinert med levande musikk og allsong. Kan ein tenke seg ein betre sommarkveld?

Sigrid Skeiseide sin hage er unik. Når ein kjem ned mot huset, og hagen kjem til syne, er det som å vandre inn i ein idyllisk oase. Skogen og dei store trea rundt ramar inn hagen, og skapar ei lun kjensle. Her er alt slags vekstar, små og store figurar, koppar og krus som er hengt opp i eit stort tre, og nydelege blomstrande rododendron.
Under Midtsommarfest kan du vere gjest i hagen til Sigrid Skeiseide, då det blir arrangert musikalsk vandring i eventyrhagen hennar. Det er Tysvær Mållag som inviterer barn og vaksne til songvandringa.

Bind deg ein blomekrans
Me treff leiar i Tysvær Mållag, Synnøve Bredal Bjelland, Sigrid Skeiseide, og spelemenna Harald Paulsen og Knut Harald Nesse heime i hagen til Skeiseide ein førsommardag i mai. Sola skin frå skyfri himmel, og i hagen er det ikkje eit vindpust. Biene surrar flittig rundt i hagen, og graset er på veg til å tørke etter ei fuktig mainatt.
Alle dei fire har fått krans i håret for anledninga, men det er berre Synnøve Bredal Bjelland som har ein som er laga av blomar. Dei andre er grøne.
– Eg ville ha laga blomekrans til Sigrid og, men ho ville ikkje ha. «Du er blomsterpiken, jeg er hulder», var responsen hennar. Då blei det altså krans av skvallerkål, som faktisk eignar seg svært godt til å binde krans av. Spelemennene måtte jo ha lauvkrans i håret, det sa seg sjølv, seier mållagsleiaren.
– Skvallerkålkransen kan eg jo berre ete etterpå, seier Sigrid Skeiseide lattermildt og rettar på den grøne kransen.
Skeiseide er opptatt av å nytte det naturen har å by på, og bruker gjerne det som veks rundt dørene i matlaging.
Bredal Bjelland oppmodar også dei som kjem på hagevandringa om å gjerne ha blome- eller lauvkrans i håret.

Gamal tradisjon
Det var på eit årsmøte i Tysvær Mållag at ideen om ein songkveld i det fri kom på bordet. Dei snakka om språket, og korleis det hadde vore kjekt å ha ein songkveld der ein saman kunne synge kjende songar.
– Det var vel Ingvar Frøyland, som var invitert til årsmøtet for å snakka om utvikling av språket, som kom på ideen, og eg og Sigrid såg på kvarandre og visste at me tenkte det same, seier Synnøve Bredal Bjelland smilande.
Det var altså ein spontan tanke, som nå skal bli verkeleg.
– Å synge ute er veldig i tråd med gamle tradisjonar. Å bruke songstemma ute synst eg er ein god tradisjon, seier leiaren i mållaget.
Det blir songar som både barn og vaksne vil kjenne igjen.
Arrangørane er opptatt av at kvelden skal bli avslappa og uformell, og at folk skal kunne vandre i hagen, tralle med på allsong, komme med forslag til songar dei sjølve kunne tenke seg å synge, eller rett og slett stemme i ei solo-opptreden. Anne Grete Bjørknes og Liv Alvsaker som har erfaring med korsong, vil leia an.
Det blir servering av suppe, som Sigrid skal lage av spennande vekstar i naturen, samt heimelaga rundstykke og kake.