Også i år kjem sjørøvarane for å vere med på skattejakt.
Også i år kjem sjørøvarane for å vere med på skattejakt.

Slusedag med tradisjonar og nytenking

Se for deg gamle trebåtar bli slusa gjennom slusene, og samstundes ein bil som fyk av garde i nærmare 300 kilometer i timen. Det er spennet under årets slusedag.

– Slusedagen vår er blitt allemannseige på mange måtar. Her møtest bygdefolket og gjester til ein hyggeleg dag ved slusa. God mat, nips og naps, og kjekk underhaldning. Slusing av ein gamal båt, og ikkje minst drøsen har gjort dette til eit fantastisk arrangement i mange år, seier arrangør Svein Dalva.
Men så er det dette med å fornye seg då…
– Det har me alltid på agendaen, og i år har me gjort nokre grep. Eit av fleire tema er bilar. Jan Kåre Tørresdal er ein 36 år gamal serviceingeniør frå Skjoldastraumen, og han har bygd mellom anna «The Flying Norwegian». Denne bilen var i USA og nådde nær 300 kilometer i timen, og blir stilt under årets Slusedag, saman med eit knippe andre «glis». Bilen skal ikkje kjøre, bare så det er sagt, smiler Dalva.
For å krydre det heile har dei invitert «The Vossa Rebels» til å spele frå scena. Dei skal også spele til dans saman med «The Kvednabekkers» på kvelden.

Stemning
– Me har stor tru på dette bandet, som mange kjenner frå «Norske talenter» på TV. I tillegg kjem det ein del danserar, og me håper på topp stemning både på og framføre scena. Det å halde i gang litt liv gjennom dagen har me stor tru på. Dei vanlege salsbodene og kafeane er sjølvsagt på plass. Det handlar alltid om mat, og det kan me ikkje vere dårlege på. Derfor er det me stolt kan føre vidare samarbeidet me har me Alsaker Havmat, som leverer ferske råvarer til oss, seier Dalva.

Tradisjon
MC klubben Hogg sviktar ikkje Slusedagen dei heller, og kjører som vanleg kortesje gjennom bygda. Sjørøverane kjem også, og det blir skattejakt. Det skal vere ein dag for liten og stor.
– Kva betyr Slusedagen for Skjoldastraumen?
– Den betyr svært mykje. Det er ei merkevare me må forvalte på best muleg måte. Me har mange idear, men me må ta det litt trinnvis. Me har grendesenteret, som dessverre ikkje er heilt avklart med kommunen endå, og me har området ved Notaflot, som me ønsker å inkludere. Eg trur dette arrangementet er ein snakkis heile året, og når me i komiteen set oss ned etter påske, er det alltid stor pågang av utstillerar som vil hit. Eit fellesarrangement som dette samlar heile bygda, det er heilt garantert utruleg viktig. Me er stolte over bygda vår, og ikkje minst Slusedagen.
– Lett å få folk til å stille?
– Me har delt opp arrangementet i fleire grupper slik at kvar gruppe jobbar med sin bit av arrangementet. Det inkluderer også skulelevar og interesseorganisasjonar. Det har vist seg å vere ein suksess. Folk i bygda stiller opp, og det skjønar eg godt. Dette er jo tross alt ein fest for oss også.
Til å leie det heile i år har dei hyra inn «Sinnamekkaren» frå Stord. Han passar godt inn i tema som er bil. Arrangementet strekk seg over heile fem timar, og Dalva ser at ting nå fell på plass.
– Alltid noko som må gjerast i siste liten, men nå ser det bra ut. Me har mange erfarne folk som gjer ein fantastisk jobb både før og under dette arrangementet. Trafikk og parkering treng me rutinerte folk til å ta seg av. Det same gjeld rigging. Me er klare. Musikken er booka, bodene klare og festen kan ta til. Hjarteleg velkommen til Skjoldastraumen den 23. Juni. Beste staden på jord, smiler ein spent Svein Dalva på vegne av ein stor arrangementskomité.

Slusedagen

Slusedag i Skjoldastraumen

Kl.10:00: Opning av Slusedag ved Sinnamekker`n, salgsboder, kafè og aktiviteter for barna åpner.
Kl.11:00: Sluseresturant åpner.
Kl.11:00: MC klubben Hogg kjører kortesje.
Kl.12:00: Slusing av båt og sveiving av slusebru.
Kl.12:30: Konsert med The Vossa Rebels.
KL.14:00: Sjørøverne kjem for skattejakt.
Kl.15:00: Slutt

Kl 21:00 – 01:00: Utedans på Notaflot, Skjoldastraumen.
The Kvednabekkjers og The Vossa Rebels.
15 års aldersgrense. Inngang kr. 300,- Kiosk. PS Det blir satt opp telt dersom regn.
Arr: Skjoldastraumen Bygdalag.