Rosene er raude og... Det er mykje fint å sjå i hagen på Silgjerd om dagen.
Foto: Brit Silgjerd
Rosene er raude og... Det er mykje fint å sjå i hagen på Silgjerd om dagen.

– Knallsommar for rosene

Det er mange som har hatt ein strålande forsommar i hagen i år. Sol og varme har lokka fram dei finaste blomar. Også i hagen til Brit Silgjerd.

NB! I papirutgåva av Tysvær Bygdeblad står det at Astrid Håland har open hage. Det har ho IKKJE, for ho skal vere med å hjelpe til i dei andre hagane.
Av Alf-Einar Kvalavåg
Sundag arrangerer Norsk Hagelag open hage fleire stadar i landet. Det er tre hagar i Tysvær som er med i prosjektet, og i ein av dei kan du sjå nærare på 350 forskjellige roser.
– Det har vore ein fantastisk fin sommar så langt med sol og varme. Sjølv om det regner litt akkurat nå, står dei aller fleste rosene i blomst. Og det er ikkje vanleg på denne tida av året. Sundag opnar me hageporten heime på Silgjerd og inviterer alle som vil inn til ei rosevandring i hagen vår, seier Brit Silgjerd.
– Det var da voldsamt til roser?
– Det er ein lidenskap, og eg gleder meg til å fortelle dei som kjem om både korleis ein kjøper inn roser, handsamer dei og etterpå kan nyte den fine hagen dei skaper. Me skal mellom anna sjå nærare på dei historiske rosene som nå er på veg tilbake til dei norske hagane. Ikkje heilt lett å finne ennå, for eg må framleis reise austover for å kjøpe inn, men dei kjem.

Kosetur
På den eit par mål store tomta er det god plass både til å kikke, og til å få tips.
– Etter kvart som rosen kom fram i maivarmen bestemte eg meg for at i år måtte eg melde meg. Skulle eg ein gong vere med på dette flotte arrangementet så måtte det bli i år.
– Du er ikkje redd for at regnet øydelegg nå da?
– Nei, om det ikkje blir meir enn det som er meldt går det heilt fint. Om ein ser på meldingane for søndag, så er det dei gode for Nedstrand. Me satsar på ein strålande dag, og eg vil ønske alle som vil velkommen til gards. Roser er noko svært mange er opptatt av, så eg reknar med at me får oss ein skikkeleg god roseprat mellom alle plantene, smiler Brit Silgjerd.
Marit Lunde Hauge på Høie har også open hage på sundag.