Multi Vedlikehold skal gjere isolasjon-, stillas- og overflatearbeid (ISO) på Njord Bravo.
Firma, som held til i Aksdal næringspark, har hatt leveransar til dokken i Haugesund i eit par år, og også gjort arbeid til Johan Sverdrup på Kårstø og sist på TK Atlanta ved verftet i Haugesund, fortel Ole Sandvik som er VP Yard i Aibel til Haugesunds avis.
Dagleg leiar i Multi Vedlikehold Drift AS, John-Steinar Pedersen, fortel at selskapet har jobba målretta mot Aibel for å få lov til å vere med på større prosjekt.
– Det er med stoltheit me signerer denne avtalen, seier han.
Han meiner avtalen, med en verdi på over 200 millioner kroner, er ein av dei største avtalane eit lokalt firma nokon gong har signert med Aibel.