Han tok tredjeplassen med 122 kilo i rykk og 140 kilo i støt.
Gullet i klassen gjekk til Ungarn og sølvmedaljen til Tyskland. Østhus stilte i klassen M1 94 (menn 35-40 år med kroppsvekt mindre enn 94 kg).
Østhus jobbar til dagleg i Tysvær kommune.
– Vektløftarsporten er i kraftig vekst og konkurransen er aukande. Medalje i internasjonalt meisterskap er difor stort. Ørjan representerer Haugesund vektløfterklubb og klubben er stolt over prestasjonen, seier Anna Rød Nyland i Haugesund vektløfterklubb.